Be'er Tuvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Be'er Tuvia
בְּאֵר טוֹבִיָּה, Be'er Toviya
landsby
Land  Israel
Region Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia
Koordinatar 31°44′9.78″N 34°43′25.81″E
Folketal 1 289 (2019)[1]
Grunnlagd 1930
 - Grunnlagd av Yisrael Hochman og andre sionistar
Tilhøyrsle Moshav Movement
Kart
Be'er Tuvia
31°44′10″ N 34°43′26″ E
Wikimedia Commons: Be'er Tuvia

Be'er Tuvia (hebraisk skrift בְּאֵר טוֹבִיָּה, Be'er Toviya, «Tuviabrunnen») er ein moshav i Det sørlege distriktet i Israel nær byen Kiryat Malakhi. Han høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune.

I 1887 grunnla ei gruppe frå den første Aliyah frå Bessarabia ein moshava, som dei kalla Qastina, etter den nærliggande arabiske landsbyen med same namn. Sjølv om dei fekk støtte frå baron Edmond de Rothschild, gjekk det dårleg med moshaven, fordi han mangla vatn, og låg eit stykke unna dei andre jødiske busetnadane. Han vart angripen av dei kringliggande arabiske landsbybuarane og forholdet mellom innbyggajarane og administrasjonen til baronen var dårleg. Landsbyen vart nesten fråflytta, men i 1896, kjøpte Hovevei Zion i Odessa landområdet og nye nybyggjarar kom til. Qastina vart Be'er Tuvia - ei tilpassing av det arabiske namnet på staden, Bir Ta'abya.[2] I 1910 var kolonien igjen i ferd med å kollapse økonomisk og nokre medlemmar gjekk til Jewish National Fund med eit forslag om at dei kunne kjøpe landet og husa. JNF gjekk med på det, men ei usemje med Hovevei Zion gjorde at dette aldri skjedde. I staden kompenserte JNF bøndene som drog frå Be'er Tuvia og i 1913 kjøpte bønder frå Hulda for å erstatte dei. I løpet av kort tid hadde situasjonen i kolonien betra seg mykje.[3]

Moshaven vart praktisk talt øydelagd under Palestinaopprøra i 1929 og måtte fråflyttast. I 1930 vart han grunnlagd på ny som ein moshav av veteranar frå Den jødiske legionen og kibbutzar, hovudsakleg medlemmar frå Kfar Giladi og Merhavia. I folketeljinga i 1931 var det 62 busette hus og eit folketal på 206 jødar, 4 kristne og 2 muslimar.[4] Etter det vart oppdaga vatn, vart Be'er Tuviya ein av dei mest velståande moshavane i landet. Under andre verdskrigen vart mange av medlemmane i moshaven med i den britiske hæren. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart moshaven nytta av Det israelske forsvaret som base for soldatar som kjempa mot Egypt i Negev.[5]

I 2005 var folketalet i Be'er Tuviya 771.[6] Økonomien i moshaven er basert på sitrus og intensivt gardsbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/southern/ashqelon/0155__beer_toviyya/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003172.
  2. «Be'er Tuvia (Toviyyah) Moshav on the southern Coastal Plain of Israel.». Jewish Agency for Israel. Henta 5. september 2015. [daud lenkje]
  3. Zvi Shilony (1998). Ideology and Settlement; The Jewish National Fund, 1897-1914. The Magnes Press. s. 311–312. 
  4. Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem, 1932, s. 2.
  5. «Be'er Tuvia». The Israeli Labor Movement. Henta 8. september 2015.  (he)
  6. Israelsk statistisk sentralbyrå estimate as of the end of 2005 (2005). «List of lcoalities population i Israel». CBS. Arkivert frå originalen (Excel) 30. september 2007. Henta 8. september 2015.