Be'er Tuvia regionale kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°46′N 34°43′E
Be'er Tuvia regionale kommune
מועצה אזורית באר טוביה
regional kommune
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°46′N 34°43′E
Areal 140 km²
Folketal 18 600 (2009)
Folketettleik 133 / km²
Borgarmeister Dror Shor
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Be'er Tuvia Regional Council
Nettstad: Offisiell nettstad

Be'er Tuvia regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית באר טוביה, Mo'atza Azorit Be'er Tovia), er ein regional kommune sør på kystsletta i Israel.

Han grensar til Yoav og Nahal Sorek regionale kommune i aust, Hof Ashkelon regional kommune, Middelhavet, byen Ashdod og Gan Yavne lokale kommune i vest; Gederot, Hevel Yavne regional kommune og Gedera, Bnei Aish lokale kommune i nord og Shafir regional kommune i sør. Byen Kiryat Malakhi ligg som ein enklave i midten av kommunen.

Be'er Tuvia vart ein regional kommune i 1950. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå har den regionale kommunen eit folketal på 18 600.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Det er 23 busetnader i kommunen, inkludert nitten moshavar, ein kibbutz, ein fellesbusetnad, ein ungdomslandsby og eit tenestesenter.

Be'er Tuvia industriområde i Kiryat Mal'achi..
Be'er Tuvia industriområde i Kiryat Mal'achi.
.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]