The Beach Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beach Boys)
The Beach Boys

Konsert med The Beach Boys i 2008
AliasCarl And The Passions
OpphavHawthorne i California i USA
Aktiv1961–til i dag
SjangerSurfpop, psykedelisk rock, psykedelisk pop, barokkpop
Tilknytte artistarKenny & The Cadets
The Survivors
Jan and Dean
Glen Campbell
Charles Manson
The Flames
The Fat Boys
The Beatles
PlateselskapCapitol, Brother, Reprise, Caribou, X Records, Ariola, Columbia
MedlemmerAl Jardine
Bruce Johnston
Mike Love
Brian Wilson
Tidlegare medlemmerCarl Wilson
Dennis Wilson
David Marks
Ricky Fataar
Blondie Chaplin
Glen Campbell
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, California Hall of Fame, Grammy Hall of Fame Award, American Music Award of Merit, stjerne på Hollywood Walk of Fame
The Beach Boys (1964)

The Beach Boys er eit amerikansk rockeband. Det vart starta i 1961 og vart kjende for dei tette vokalharmoniane og tekstar om ungdomskulturen med bilar og surfing i Sør-California. Dei kreative ambisjonane til Brian Wilson omforma seinare bandet til ei meir kunstnarisk innovativ gruppe som vart hylla av musikkritikarane og som påverka mange musikarar i ettertid.[1]

Gruppa bestod i starten av musikaren, songaren og låtskrivaren Brian Wilson, brørne hans, Carl og Dennis, syskenbarnet Mike Love og venen Al Jardine. Denne kvintetten, i lag med David Marks og seinare Bruce Johnston, vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988. The Beach Boys har ofte vorte kalla «America's Band»[2][3][4] og Allmusic.com har uttalt at «den usvikelege dugleiken til bandet gjorde dei til det første og beste rockebandet i USA».[1] Gruppa har hatt 36 hittar på Topp 40 i USA (flest av alle amerikanske rockeband) og 56 inne på Hot 100-lista, inkludert fire førsteplassar.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte The Beach Boys på 12. plass på lista deira over dei 100 største gruppene gjennom tidene.[5] I følgje Billboard er The Beach Boys det bestseljande amerikanske bandet nokon gong ut frå sal av singlar og album.[6]

Bandet har fleire gonger endra musikalsk stil og besetning, først og fremst på grunn av sinnslidinga og narkotikabruken til Brian Wilson, som gjorde at han trekte seg frå gruppa, samt dødsfalla til Dennis Wilson i 1983 og Carl Wilson i 1998. Det har òg vore mange rettstridar mellom medlemmene i gruppa. Etter at Carl Wilson døydde vart Al Jardine drive bort av Mike Love. Dei overlevande medlemmene i The Beach Boys heldt fram å turnere som tre band: The Beach Boys med Love, Johnston og forskjellige støttemusikarar, Al Jardine's Endless Summer Band og Brian Wilson med eit band som består av The Wondermints og gitaristen og songaren Jeff Foskett, som lenge spelte med The Beach Boys.[7] Love vann retten til namnet «The Beach Boys» etter ein omgang i retten.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Brian Wilson vart fødd i Inglewood i California i 1942 og han og familien hans flytta til Hawthorne i nærleiken då Brian var to år. Seksten år gammal delte Brian soverom med dei to brørne sine, Dennis og Carl. Han observerte faren Murry Wilson spele piano og høyrte nøye på harmoniane til vokalgrupper som The Four Freshmen. Ein kveld lærte han brørne sine songen «Ivory Tower» og korleis dei kunne synge harmoniar. Wilson fortalte ein gong korleis dei øvde kvar kveld, men at dei song lågmælt for ikkje å vekke faren.[8] På 16-årsdagen sin fekk Brian ein spolebandopptakar. Han lærte seg å legge på lydspor på lydspor. Han lærte seg piano og seinare fekk Carl som spelte gitar vere med.[9]

Litt seinare høyrte Brian mykje på Johnny Otis og radiosendinga hans på KFOX. Han var inspirert av den enkle strukturen og vokalen i rhythm and blues-songane han høyrte, endra pianostilen sin og starta å skriv eigne songar. Entusiasmen hans forstyrra musikkstudiane hans på skulen og han klarte ikkje å gjere ferdig ein pianosonate, men leverte inn ein orginal komposisjon, «Surfin'».[10]

Familiesamlingar førte Wilson-brørne i kontakt med syskenbarnet Mike Love. Brian lærte syster til Love, Maureen, og ein ven harmoniar. Seinare spelte Brian, Mike og to vener på Hawthorne High School og fekk stor applaus for songen «Hully Gully» av The Olympics.[11] Brian kjende òg Al Jardine, ein klassekamerat som alt spelte i gitar i folkegruppa The Islanders.

Brian spurte Jardine om han ville slå seg saman med syskenbarnet og broren Carl. Det var under samlinga desse hadde på soverommet til Brian at «the Beach Boys-stilen» tok form. Det var Love som oppfordra Brian til å skrive songar og gav bandet det første namnet deira, The Pendletones. Dette namnet kom frå Pendleton ullskjorter som var populære på denne tida. Under dei første konsertane deira hadde bandet på seg jakkeliknande ullskjorter, som surfarane brukte mykje i South Bay. I 1962 starta the Beach Boys å gå med blå- og gråstripete skjorter stappa ned i kvite bukser. Dette var konsertkleda deira fram til ut 1966.[12]

Sjølv om surfetemaet var viktig i dei tidlege songane deira, var Dennis den einaste i bandet som faktisk surfa. Han foreslo at brørne hans skulle lage nokre songar for å hylle hobbyen hans og livsstilen som hadde utvikla seg rundt surfemiljøet i Sør-California[13]

Jardin og songvenen Gary Winfrey kom heim til Brian for å sjå om han kunne hjelpe dei med ei utgåve av ein folkesong dei ønskte å spele inn - «Sloop John B». Brian var borte, så dei to snakka i staden med faren hans, Murry, som hadde ein fot inne i musikkindustrien. I september 1961 fekk Murry ordna det slik at The Pendelstone fekk møte utgjevarane Hite og Dorinda Morgan i Stereo Masters i Hollywood.[14] Gruppa spelte inn ei endefram utgåve av «Sloop John B.», men klarte ikkje imponere Morgan. Etter ein pinleg pause nemnte Dennis at dei hadde ein original song kalla «Surfin'». Brian vart sett ut — han hadde ikkje skrive ferdig songen ein gong — men Hite Morgan var interessert og bad dei kome attende når songen var ferdig.[13] Med hjelp frå Mike Love, skreiv Brian songen ferdig og bandet lånte gitarar, trommer, forsterkarar og mikrofonar. Dei øvde i tre dagar medan foreldra til Wilson var på ein kort ferie. Eit par dagar spelte dei for Morgan igjen og Hite Morgan erklærte: «That's a smash!»[15]

Den 3. oktober 1961 spelte The Pendletones inn tolv forsøk på «Surfin'» i dei tronge kontora til Morgans. Det vart trykt singlar i eit lite opplag. Då gutane opna den første boksen med singlar vart dei overraska og sinte. Bandnamnet hadde vorte endra til «Beach Boys». Murry Wilson, som no jobba tett med bandet, ringte Morgans. Tilsynelatande hadde ein ung reklamemann, Russ Regan, vald å endre namnet for å knyte bandet til andre surfeband som dukka opp på denne tida. Det avgrensa budsjettet deira gjorde at dei ikkje kunne trykke platene på nytt.[16]

Singelen kom ut i midten av november 1961 og «Surfin'» vart kort tid etter spelt på KFWB og KDAY, to av dei viktigaste radiostasjonane i Los Angeles. Songen vart ein hit på vestkysten og nådde 75. plass på den nasjonale poplista.

Påverknaden til Murry Wilson[endre | endre wikiteksten]

Brian Wilson har fortalt at han alt som åtteåring vart forma og påverka av musikk, og at ingen påverka han meir enn musikken faren spelte på familiepianoet.[17] Murry hadde noko suksess som låtskrivar og fekk størst suksess med «Two Step Side Step» som vart spelt inn av Bachelors i 1952. Trass i at han var ein god musikar og hadde ønske om å lære sønene, særleg Brian, musikk, var han i følgje Wilson ein «tyrann» som gav mykje nedslåande kritikk og som misbrukte sønene sine psykologisk og fysisk.[18] Carl trøysta seg sjølv med mat, medan Dennis gjorde opprør mot verda for å uttrykke sinnet sitt.[19] Brian sjølv fordjupa seg i musikken for å takle det, men sjølv om han ønskte å lære og spele piano, var han redd for å spørre faren.[18] Til slutt overraska Brian foreldra ved å vise at han hadde lært å spele piano berre ved å sjå faren spele. Brian meinte dette redda han mange gonger frå å få bank.[20]

I starten styrte Murry karrieren til the Beach Boys og fekk dei inn i ein platekontrakt med Capitol Records i 1962. I 1964 jaga Brian faren bort etter ein valdeleg konfrontasjon i studio. Dei neste åra vart forholdet mellom dei fjernare og då Murry døydde av hjarteattak i 1973 var verken Brian eller Dennis i gravferda.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Murry Wilson fortalte gutane at han ikkje likte «Surfin'», men han lukta at det her var pengar å tene og ringte rundt til mange radiostasjonar.[21] Han arrangerte den første konserten bandet fekk betalt for, nyårsaftan 1961 ved Ritchie Valens Memorial Dance i Long Beach, der Ike og Tina Turner stod øvst på plakaten. Brian hugsar at han lurte på kva dei gjorde der som fem reine, kvite ungdommar frå ein konservativ kvit forstad føre eit auditorium fullt av svart ungdom. Bandet reiste heim med $50 kvar. I februar 1962 forlet Al Jardine bandet for å studere.[22] David Marks, ein tretten år gammal nabo og ven av Carl, erstatta han, men Jardine kom tilbake i bandet i juli 1963 etter ønske frå Brian.[23]

Sjølv om Murry tok over managerrolla i bandet utan å spørre bandet først, var Brian glad for at faren fekk dei avgarde. Han pressa bandet utan nåde, men jobba sjølv hardt. Han var den første som påpeikte at det var viktig å lage ein god oppfølgjarsingel.[24] Dei spelte så inn fire nye songar den 13. juni i Western Studios i Los Angeles, mellom anna «Surfer Girl», «409» og «Surfin' Safari». Denne innspelinga enda dårleg då Murry Wilson foreslo og så kravde at bandet skulle spele inn nokre av songane hans, fordi han meinte at songane hans var betre enn Beach Boys sine.[25]

Den 16. juli klarte the Beach Boys å få platekontrakt med Capitol Records med hjelp av demoen dei spelte inn i juni. I november var det første albumet klart, Surfin' Safari. Dei la seg på den kommersielle linja og fokuserte på å skrive songar om den unge livsstilen i California. Dei tidlege hittane til The Beach Boys var medverkande til å auke statusen til både California og surfing. Bandet song òg om gleda med å køyre hot-rod («Shut Down», «409», «Little Deuce Coupe») og det bekymringslause tenåringslivet («Be True to Your School», «Fun, Fun, Fun», «I Get Around»). Frå 1962-65 hadde dei seksten hitsinglar i ein periode med sterk konkurranse på salslistene[26], men òg ei tid då den britiske bølgja slo inn over landet for fullt. Sjølv om musikken deira var lystig og lett tilgjengeleg, synte dei tidlege songane sofistikerte element som skulle kome tydlegare fram i seinare år. I løpet av perioden utvikla Brian Wilson seg raskt som ein komponist, arrangør og produsent i verdstoppen. Dei tidlege hittane deira gjorde dei til store popstjerner i mange land, men statusen deira som det øvste popbandet i Amerika vart snart utfordra av The Beatles, som raskt vart deira største kreative og økonomiske rival.

Bortsett frå far til Wilson-brørne og dei tette vokalharmoniane til favorittgruppene til Brian, kom inspirasjonen deira dei første åra frå dei drivande rock and roll-songane til Chuck Berry og Wall of Sound-stilen til Phil Spector. Somme av songane til Brian var basert på andre songar, mest kjend av desse er «Surfer Girl» som deler rytmisk melodi med «When You Wish Upon a Star». I sjølvbiografien sin skriv Brian at melodien til «God Only Knows» var inspirert av ei innspeling av John Sebastian.

Nyskapingane og dei personlege problema til Brian Wilson[endre | endre wikiteksten]

Stresset som turnelivet, låtskrivinga, produseringa og det å oppretthalde eit høgt kreativt nivå vart for mykje for Brian Wilson. 23. desember 1964, under ein flytur til Houston, fekk Brian eit panikkanfall og forlet turneen. Kort tid etter annonserte han at han trekte seg tilbake frå turnelivet for heller konsentrere seg om låtskrivinga og plateproduksjonen. Dette var ikkje første gong Brian hadde stoppa å turnere. I 1963 kom Al Jardine tilbake, Brian forlet turneen, men då David Marks slutta, måtte Brian tilbake for å erstatte han. I resten av 1964 og inn i 1965 var Glen Campbell erstatninga til Brian på konsertane fram til han fekk så stor suksess som soloartist at han forlet gruppa. Bruce Johnston vart spurt om å finne ein erstatning for Campbell, men då han ikkje fann nokon vart han sjølv eit fullverdig medlem av bandet. Først var han berre erstatning for Wilson på turneane deira, men seinare medverka han med sitt eige talent i studio frå og med innspelinga av «California Girls».

Jan & Dean var nære vener av bandet og varma opp for dei på konsertar i 1963 og 1964 og oppfordra Brian til å nytte studiomusikarar i studio. Dette, og at han trekte seg tilbake frå turnelivet, gjorde at han kunne utvide rolla si som produsent. Wilson skreiv òg songen «Surf City» for oppvarmingsbandet sitt. Jan & Dean-singelen nådde førsteplassen i USA sommaren 1963, noko som gleda Brian, men gjorde faren og manageren Murry Wilson sint. Han følte sonen hadde gjeve bort det som kunne vore den første førsteplassen til Beach Boys. Eit år seinare klarte Beach Boys å nå førsteplassen med singelen «I Get Around».

I 1964 kunne ein sjå spor av den aukande kreativiteten til Brian Wilson i studio: «Drive-In», eit albumspor frå All Summer Long inneheld taktar med stillheit mellom to vers, medan «Denny's Drums», det siste sporet på Shut Down, Vol. II, er ein to minuttar lang trommesolo. Etter kvart som dei musikalske bidraga til Wilson vart meir ambisiøse, vart gruppa meir avhengige av studiomusikarar som kunne gjere jobben raskt, på songar som «I Get Around» og «When I Grow Up (To Be a Man)». «Help Me, Rhonda» vart den andre førsteplassen til bandet på våren 1965.

I 1965 eksperimenterte Wilson meir bak miksepulten. Albumet Today! hadde mindre fokus på gitarar og meir vekt på tangentinstrument og perkusjon, samt volumeksperimment og stadig meir modne tekstar. Sida A på albumet var tileigna sommarlege popsongar, medan ein fann mørkare balladar på den andre sida. I november 1965 følgde gruppa opp tredjeplassen frå sommaren, «California Girls», med ein annan Topp 20-singel, «The Little Girl I Once Knew». Dette vert rekna som det mest eksperimentelle bandet gjorde før Pet Sounds, med stillheilt før refrenget, klaskande tangentar, tunglynte blåsarar og vokal-tics. Arrangementet var kanskje for ekstremt for ein singel og han nådde berre 20. plass, og var berre den andre singelen til bandet som ikkje nådde Topp 10 sidan gjennombrotet deira i 1962. I desember fekk dei ein uventa andreplass med singelen «Barbara Ann», som Capitol Records gav ut som singel utan samtykke frå nokon i bandet. Han vart av ein av dei mest anerkjente songane deira i åra etter og var ei utgåve av ein song av The Regents frå 1961.

Det var på denne tida the Beatles gav ut Rubber Soul og Brian Wilson var trollbunde av det. Fram til då hadde kvart Beach Boys-albumet (og dei fleste andre popalbum i dei dagar) eit par «fyllmateriale», som versjonar av andre sine songar. Brian såg at det på Rubber Soul berre fanst originallåtar, og enno viktiare, dei var alle gode songar, ingen av dei var fyllmateriale. Inspirert av dette sprang han til kona og ropte ut: «Marilyn, eg skal lage det beste albumet! Det beste rockealbumet som nokon gong er laga!»[27]

Pet Sounds[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Pet Sounds.

Dei stadig meir sofistikerte og komplekse arrangementa til Wilson nådde eit kreativt høgdepunkt med det kritikarroste Pet Sounds (1966). Pet Sounds vert rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene og er på mange listar rekna som det beste nokon gong, inkludert TIME,[28] Rolling Stone, New Musical Express, Mojo og The Times. I følgje Acclaimedmusic.net er Pet Sounds det mest anerkjende albumet nokon gong av musikkritikarar.[29] Paul McCartney har kalla albumet eit av favorittalbuma hans (med «God Only Knows» som favorittsongen hans). McCartney har ofte sagt at albumet var den viktigaste inspirasjonskjelda til Beatles-albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.

Dei omhyggeleg lagvise harmoniane og nyskapande instrumenteringa på albumet (framført av kremen av sutdiomusikarar i Los Angeles, som kalla seg sjølv The Wrecking Crew) sette ein ny standard for popmusikk. Albumet er eit av dei mest stemningsskapande albuma frå 60-åra med svulstige, melankolske og nostalgiske songar. Songane «Wouldn't It Be Nice» og «God Only Knows» viste Wilson som ein meister innan låtskriving, instrumentering og produsent. «Caroline, No» frå Pet Sounds vart gjeven ut som ein solosingel av Brian Wilson, den einaste gongen Brian vart tilskriven som soloartist i åra på Capitol. Albumet inneheldt òg to sofistikerte instrumentalar, den rolege og lengtande «Let's Go Away for Awhile» og den skjøre messingaktge surfesongen «Pet Sounds». Trass i at albumet vart hylla i pressa gjorde ikkje Capitol Records mykje for å reklamere for albumet, og det vart ikkje den store hitten som Brian hadde håpa på med ein tiandeplass.[30]

Sidan Brian hadde trekt seg tilbake frå turnelivet kunne Wilson gjere ferdig nesten alle bakgrunnsspora på albumet medan the Beach Boys var på turne i Japan. Dei kom tilbake til eit nesten ferdig album og trong berre å legge vokalen sin på. Det var noko motstand internt i bandet til denne nye retninga. Solovokalist Mike Love skal ha vore sterkt imot albumet og kalla det «egomusikken til Brian» og gav han ei åtvaring om ikkje «å kødde med formelen»[31] Andre medlemmer i bandet var òg uroa over at bandet skulle miste kjernepublikummet sitt om dei endra på den suksessformelen. Love insisterte mellom anna på at Brian endra tittelen på ein song frå «Hang On to Your Ego» til «I Know There's an Answer». Ein annan sannsynleg faktor til at Love mislikte Pet Sounds var at Wilson hadde arbeidd tett med tekstforfattaren Tony Asher i staden for Love, sjølv om Love hadde skrive tekstar til mange av songane opp til dette og var solovokalist på dei fleste av dei tidlege hittane deira.

Wilson prøvde å bygge vidare på det han hadde gjort med Pet Sounds og starta på eit enno meir ambisiøst prosjekt, først kalla Dumb Angel. Den første songen frå dette prosjektet var «Good Vibrations», som Brian skildra som ein «lommesymfoni». Songen vart den største hitten til bandet både i USA og Europa i 1966 og gjekk til topps i mange land. Mange kritikarar reknar songen som ein av dei beste rockesongane gjennom tidene. I 1997 vart han kalla «Tidenes største singel» av musikkmagasinet Mojo. I 2000 plasserte VH1 songen på 8. plass på lista deira over dei 100 største rockesongane, og seint i 2004 hamna songen på sjetteplass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene. Det var òg ein av dei mest kompliserte popprodusjonane som var gjort til då og hadde rykte på seg om å vere den dyraste amerikanske singelen som var spelt inn til då. Innspelinga skal ha kosta $16 000, meir enn dei fleste popalbum på denne tida. Innspelinga av songen strekte seg over fleire månader i minst tre forskjellige store studio.

I motsetnad til arbeidet sitt på Pet Sounds spelte Wilson «Good Vibrations» inn i fleire modular — han delte songen inn i fleire seksjonar og spelte inn mange opptak av kvar enkelt i forskjellige studio for ta nytte av det forskjellige lydbilete og stemninga i kvart studio. Han tok så dei seksjonane han likte best og førte dei saman til eit masterband og la på vokal. Den innovative instrumenteringa inkluderte trommer, orgel, piano, spikerpiano, to bassar, gitarar, elektro-theremin, munnspel og cello. Medlemmene i bandet hugsar tilbake på vokalinnspelinga på «Good Vibrations» som den mest krevjande i heile karrieren deira.[30]

Sjølv om det gjekk skeis med privatlivet hans, heldt musikken til Wilson seg på eit merkverdig nivå. Det vart spekulert mykje i dei mentale problema hans. Han misbrukte mykje dop, la på seg mykje, leid av depresjonar og vart paranoid. Fleire biografar har foreslått at far hans kan ha hatt bipolar forstyrring og etter fleire år med liding vart tilstanden til Wilson diagnostisert som schizoaffektiv syndrom.[32]

Smile[endre | endre wikiteksten]

Då utgjevinga av Pet Sounds var like om hjørnet og han like etter hadde starta arbeidet på «Good Vibrations» møtte Brian musikaren og låtskrivaren Van Dyke Parks. Seint i 1966 starta Brian og Parks eit intenst samarbeid som resulterte i fleire nye songar for det neste Beach Boys-albumet, som etter kvart fekk namnet Smile.[33] Han brukte dei same teknikkane som på «Good Vibrations» og starta innspelinga i august 1966 og heldt på til tidleg i 1967. Sjølv om det har vore mange spekulasjonar om strukturen til albumet og den nøyaktige rekkefølga, veit ein at Wilson og Parks ønskte at Smile skulle bestå av songar som var knytte saman både tematisk og musikalsk og hovudsongane skulle knytast saman med små vokalstykke og instrumentale parti som spelte på det musikalske temaet til hovudsongane.

Somme av dei andre i Beach Boys, særleg Love, meinte at den nye musikken var for vanskeleg og for langt unna den etablerte stilen deira. Ein annan faktor som uroa bandet sterkt var at det ikkje var mogeleg å framføre desse songane på konsertar. Love var bittert imot Smile og var særleg kritisk til tekstane til Parks. Han har sidan òg fortalt at han var sterkt uroa over det store narkotikamisbruket til Wilson. Problema kom til syne under innspelinga av «Cabin Essence» då Love kravde at Parks forklarte meininga med slutten på refrenget i songen, «Over and over the crow cries uncover the cornfield.» Etter ein hissig krangel forsvann Parks frå studio og kort tid etter var det kreative partnerskapet med Wilson brått over.

Mange faktorar i lag sette Brian Wilson under eit intenst press sidan Smile nesten var ferdig: den mentale tilstanden til Wilson, presset med å prestere når det var så stor intern motstand mot musikken hans, den relativt labre responsen til Pet Sounds, Carl Wilson nekta verneplikta si og dei hadde ein stor krangel med Capitol Records. Saka vart enno meir komplisert av at Wilson var avhengig av både reseptbelagt og ulovlege medikament, særleg amfetamin, som forsterka dei mentale problema hans.

På denne tida arbeidde managementet til Beach Boys (Nick Grillo and David Anderle) med å utvikle og få i gang eit eige plateselskap for bandet, Brother. Meininga var at selskapet skulle vere eit sideprosjekt og ein invitasjon for nye talent. The Beach Boys vart eit av dei første rockebanda som starta sitt eige selskap (kort tid etter følgde The Beatles med Apple). Selskapet gav berre ut eitt album Smiley Smile og to singlar. Den andre av desse singlane var «Getting Hungry», som ikkje slo an, og som fekk bandet til å skrinlegge Brother fram til 1970.

I mai 1967 vart Smile lagt på hylla og dei neste 30 åra var albumet eit segnomsust album og eit av dei mest kjende uutgjevne albuma i historia.[34]

Nokre av songane vart redda og innspelt på ny i det nye heimestudioet til Brian, men i drastisk nedskalerte utgåver. Desse vart gjevne ut i lag med ei ferdig utgåve av «Good Vibrations» og «Heroes and Villains» på albumet Smiley Smile frå 1967, som vart ein fiasko både kommersielt og hos kritikaren.

Trass i at Smile, aldri kom ut, var interessa for songane stor og fleire av dei kom ut i andre versjonar, som «Our Prayer», «Cabin Essence», «Cool, Cool Water», og «Surf's Up». Mange vart samla av Carl Wilson dei neste åra og inkludert på seinare album. Bandet var framleis venta å gjere ferdig og gje ut Smile så seint som i 1972, før det vart klart det berre var Brian som kunne klare å få orden i dei endelause fragmenta som var spelt inn. Mange av dei opphavlege spora og fragmenta som knytte dei saman vart gjevne ut i ein boks som følgde 30-årsjubileumet deira i 1993. Den fullstendige utgåva av Smile kom ikkje ut før Wilson og Parks hadde skrive ferdig songane, med hjelp av Darian Sanahaja til å sette stykka saman. Brian spelte inn albumet på ny som Brian Wilson Presents "Smile" i 2004.

Endringar[endre | endre wikiteksten]

Etter den store suksessen med «Good Vibrations» følgde ein periode med dalande suksess. Smiley Smile og dei neste albuma selde dårleg i USA, men gjorde det noko betre i Europa. Imageproblemet til bandet fekk nok eit slag då dei trekte seg frå Monterey International Pop Festival i 1967.

Albumet Wild Honey i 1967 vert av somme rekna som ein klassikar og inneheld songar skriven av Wilson go Love, mellom anna hitten «Darlin'» og ei utgåve av Stevie Wonder-songen «I Was Made to Love Her». Friends (1968) er eit stort sett akustisk album som var påverka av bandet sin leik med transcendentalmeditasjon. Tittelsporet var den minst suksessfulle singelen deira sidan 1962. Den neste singelen «Do It Again» gjekk tilbake til den gamle stilen deira og vart ein moderat suksess i USA med ein 20. plass. I Storbritannia gjekk han heilt til topps.

Den mentale og fysiske tilstanden til Brian vart verre seint i 1960- og tidleg i 1970-åra og han skreiv færre songar. I tillegg byrja han å miste interessa i bandet og trekte seg til slutt bort frå dei. For å fylle tomrommet starta dei andre medlemmene i bandet å skrive og produsere eigne songar. Carl Wilson tok gradvis over leiarskapen i bandet og vart etter kvart ein dugande produsent. For å oppfylle kontrakten deira med Capitol Records før dei signerte på Reprise Records laga dei eit nytt album, 20/20 (1969), hovudskleg ei samling av songar som var til overs (inkludert songar frå Smile), gamle songar av andre låtskrivarar og fleire nye songar av Dennis Wilson. Ein av desse, «Never Learn Not to Love», inneheldt tekst skriven av Charles Manson, men han var ikkje tilskriven for dette.[35] og hadde opphavleg tittelen «Cease to Exist». Bortsett frå «Do It Again», inneheldt albumet Carl sin produksjon av the Ronettes-songen «I Can Hear Music», som vart den siste Topp 40-hitten deira på sju år.

I 1969 starta the Beach Boys opp att Brother Records og signerte ein ny kontrakt med Reprise Records. Med ny kontrakt forynga bandet seg og gav ut Sunflower som fekk god kritikk. Albumet vart og framleis vert rekna som eit album heile bandet medverka på, og alle medlemmene skreiv songar til albumet, som «Add Some Music to Your Day», Brian sin «This Whole World», Dennis sin «Forever» og Bruce Johnston sin «Tears in the Morning». Albumet, som Pet Sounds, vart ignorert av platekjøparane, og dei nådde ikkje ein gong Topp 100. Den verste plasseringa dei hadde i karrieren.

Etter Sunflower tilsette bandet Jack Rieley som manageren deira. Rieley valde ei ny retning for bandet, og la mellom anna vekt på politisk og samfunnsmessig medvit. Resultatet vart Surf's Up frå 1971, som inneheldt ein av songane til Brian frå Smile, «Surf's Up». Dei nytta i praksis same arrangement som Brian hadde nytta i studioet i 1966 med Carl på vokal. Brian medverka med ein av dei beste songane hans, «'Til I Die», som nesten ikkje kom med på albumet. Johnston enda den første perioden sin med bandet kort tid etter albumet kom ut, visstnok på grunn av gnisningar mellom han og Jack Rieley. Albumet vart ein moderat suksess og nådde Topp 30 i USA.

I februar 1972 kom Ricky Fataar og Blondie Chaplin med i bandet, og dette medførte ei dramatisk endring i stilen til bandet. Albumet Carl and the Passions - "So Tough" var ei blanding utan særpreg som inneheldt songar frå det tidlegare bandet til Fataar og Chaplin, og som nesten ikkje høyrest ut som Beach Boys-songar. Albumet vert av mange rekna som det mest ufokuserte og inkonsistente til bandet. Det nådde ikkje listene.

The Beach Boys kom opp med ein ambisiøs (og dyr) plan for det neste prosjektet deira, Holland. Bandet, familiane og enkelte medarbeidarar og teknikarar flytta til Nederland sommaren 1972 og leigde eit gardshus som dei gjorde om til studio. Mot slutten av sommaren følte bandet dei hadde kome opp med det beste albumet deira til no. Reprise meinte derimot at albumet var svakt og etter ein del krangling spurte bandet om Brian kunne kome opp med noko kommersielt. Dette resulterte i songen «Sail On, Sailor», eit samarbeid mellom Brian Wilson og Van Dyke Parks, som vart ein dei meir symbolske Beach Boys-songane. Reprise godkjende albumet som kom ut tidleg i 1973. Det nådde 37. plass på Billboard-lista i USA. Holland vart òg populær på radio med songar som Mike Love og Al Jardine sin «California Saga».

Trass i at plateselskapet synte lite interesse byrja bandet å dra store publikum til konsertane sine. The Beach Boys in Concert var eit dobbeltalbum med opptak frå konsertane deira i 1972 og 1973 og vart den første gullplata til bandet på Reprise.

Endless Summer[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1974 gav Capitol, i samråd med Love, ut eit dobbeltalbum med hittar frå tida før Pet Sounds- Endless Summer. Med eit solfylt, fargerikt omslag klarte albumet å fange stemninga i landet og albumet nådde toppen av Billboard-lista. Det var den første plata deira som selde ein million sidan «Good Vibrations» og låg på albumlista i tre år.[36] Året etter gav Capitol ut ei ny samling, Spirit of America, som òg selde bra. Med desse samlingane vart the Beach Boys igjen ein del av det amerikanske musikalske landskapet og gjekk frå å vere oppvarmingsband for Crosby, Stills, Nash and Young til sjølv å verte hovudattraksjon på utselde basketball-arenaer. Manageren Jack Reiley, som vart verande att i Nederland etter Holland kom ut, vart sagt opp frå kontrakten seint i 1973. I 1974 kåra musikkmagasinet Rolling Stone bandet til årets band, basert på konsertane og songane skriven og produsert av Brian over ti år tidlegare.

Blondie Chaplin forlet bandet seint i 1973 etter ein krangel med Steve Love, manageren til bandet og bror til Mike. Ricky Fataar vart verande til hausten 1974, då han fekk tilbodet om å starte ei ny gruppe med Joe Walsh. Erstattaren til Chaplin vart James William Guercio gav bandet råd om den vidare karrieren deira som skulle vise seg å vere så smarte at han til slutt vart den nye manageren til bandet.

Under Guercio la The Beach Boys ut på ein særs suksessfull turne i 1979 i lag med bandet Chicago, der gruppene begge spelte nokre av dei andre sine songar. Beach Boys song òg vokal på hitten til Elton John frå 1974, «Don't Let the Sun Go Down on Me».

Nostalgien starta å ta over på konsertane til the Beach Boys. Gruppa hadde ikkje gjeve ut nokre nye album sidan Holland i 1973. Setlista deira endra seg gradvis frå kontemporære songar med hittar som ekstranummer til at heile showet bestod av songar frå tida før 1967. Dette valet var frustrerande for seriøse tilhengjarar i åra som følgde.

Brian kjem tilbake[endre | endre wikiteksten]

Med 15 Big Ones kom Brian Wilson tilbake som den store drivkrafta i gruppa og det var det første albumet han produserte for bandet sidan Pet Sounds. Dette albumet inneheldt fleire nye songar skriven av Brian, og fleire gamle songar av andre artistar, som «Rock and Roll Music» (som nådde 5. plass), «Blueberry Hill», og «In the Still of the Night». Med Brian og Mike Love sin «It's OK» gjekk dei tilbake til den tidlege «sommarlege» stilen sin og han vart ein moderat hit. Albumet fekk omtale på ei spesialsending på NBC-TV den 4. august 1976, produsert av skaparen av Saturday Night Live, Lorne Michaels, med gjestartistar frå SNL som John Belushi and Dan Aykroyd.

I resten av 1976 og tidleg 1977 gjorde Brian Wilson sporadiske offentlege opptrednar og produserte det neste albumet for bandet, Love You, 14 songar skriven hovudsakleg av Brian aleine, samt meir «morosame» songar («Honkin' Down the Highway») og ein moden kjærleikssong («The Night Was So Young»). Songane vart leverte til resten av the Beach Boys som demoversjonar, hovudsakleg med Brian på vokal og Moog-synthesizer og trommemaskin. Meininga var at The Beach Boys skulle gjere dei ferdige, men på grunn av tidsproblem vart albumet gjeve ut som dei opphavlege demoane. Resultatet vart ujamnt og uferdig, og plata selde dårleg. Trass i dette er albumet eit av dei meir populær av dei seinare albuma til bandet. Mange har sett på albumet som ei steg tilbake til røtene deira.

Etter Love You medverka Brian gradvis mindre over dei neste albuma før han heilt trekte seg frå gruppa. Han spelte ikkje lenger med bandet på konsertar. Framføringane hans vart eksentriske og platene hans uinspirerte. Det vart reklamert for bandet med «Brian's Back» seint i 70-åra, men dei fleste kritikarane meinte at gruppa no var over toppen. Mange venta at Brian Wilson skulle verte ein av dei mange kjendisane på 70-talet som omkom av ein overdose.

I denne perioden gav bandet ut to nye album: M.I.U. og L.A. Light Album. M.I.U. vart spelt inn i Maharishi International University i Iowa (i dag Maharishi University of Management) etter at Mike Love insisterte. Dennis og Carl medverka lite til dette prosjektet som hovudskaleg var produsert av Alan Jardine og Ron Altbach, med Brian i rolla som «leiande produsent». Albumet inneheldt nokre interessante spor, men var hovudsakleg eit album for å oppfylle kontrakten med Reprise Records.

Samstundes som M.I.U. kom ut signerte The Beach Boys med CBS Records (i dag ein del av Sony/BMG). Dei fekk eit stort forskot og avtalen var visstnok at dei skulle ha minst ein million dollar per album. CBS var derimot ikkje nøgd med dei første resultata av det første albumet deira, L.A. Light Album. Bandet forstod no at Brian anten ikkje ville eller kunne skrive og produsere songane dei ønskte. Som eit mellombels tiltak kom Bruce Johnston tilbake til gruppa som både medlem og denne gongen òg som produsent. Brian og Carl sin «Good Timin‘» nådde Topp 40 i USA. Gruppa fekk òg noko suksess med ei disco-utgåve av «Here Comes the Night», som opphavleg var på Wild Honey.

I 1980 gav bandet ut Keeping the Summer Alive. Igjen var Bruce Johnston produsent samt musikar på albumet. Innspelinga fann stad i Western Recorders, der Brian hadde produsert mange av dei mest populære songane sine. Brian medverka her og der. Dennis Wilson hadde personlege problem på denne tida og sjølv om han ikkje medverka på albumet er han likevel tilskriven.

Nyare år[endre | endre wikiteksten]

The Beach Boys med president Ronald og presidentkona Nancy Reagan i 1983

Seint i 1970-åra fekk Dennis Wilson stadig større problem med alkohol og narkotika. Enkelte av konsertane til bandet vart spolerte då han dukka full eller dopa opp på scenen. Bandet måtte offentleg kome med ei unnskyldning etter ein konsert i Melbourne i Australia i 1978, der fleire av medlemmene i gruppa var rusa.

Dennis Wilson var den første i Beach Boy som gav ut eit soloalbum, Pacific Ocean Blue, den 22. august 1977. Oppfølgjaren Bambu vart spelt inn med venen og musikaren Carli Muñoz, men kom ikkje ut før Pacific Ocean Blue kom ut på ny i 2008.

I 1980 spelte the Beach Boys på ein 4. juli-konsert i Washington, D.C. føre eit stort publikum. Konserten vart halde same stad dei to neste åra, men vart avlyst i 1983 då innanriksministeren James Watt sa at rockekonsertar var eit element som ikkje var ønskeleg.[37] Dette førte til raseri hos mange av dei amerikanske Beach Boys-tilhengjarane, som meinte the Beach Boys var ein særs ønskeleg del av amerikanske kultur. Presidenten og First Lady Nancy Reagan støtta gruppa og President Reagan gav Watt ein bronseskulptur av ein fot med eit kulesår og indikerte at han hadde skote seg sjølv i foten med avgjersla si. I 1984 spelte gruppa på i Washington igjen. I 4. juli 2005 spelte Love og Johnston same stad igjen.

Samstundes hadde dei personlege problema til Dennis Wilson vorte verre og 28. desember 1983 druka han under ein dykketur medan han prøvde å hente opp att ting han kasta på sjøen under tidlegare raserianfall.

Trass i dødsfallet til Dennis la the Beach Boys ut på ein suksessfull turne. 4. juli 1985 spelte the Beach Boys for nær ein million menneske i Philadelphia og same kveld spelte dei for 750 000 i Washington, noko som fekk ein notis i Guinness rekordbok). Ni dagar seinare spelte dei på Live Aid-konserten. Same året gav dei ut albumet The Beach Boys og oppnådde ei ny interesse hos ålmenta i 1980-åra, mellom anna på grunn av hyllester som David Lee Roth si utgåve av «California Girls». I 1987 spelte dei med rap-gruppa The Fat Boys på songen «Wipe Out». Det vart filma ein video til songen.

I 1988 fekk The Beach Boys ein uventa førsteplass i USA, den første på 22 år, med songen «Kokomo» som var skriven for filmen Cocktail. Dette vart den mestseljande singelen deira nokon gong. Han er skriven av John Phillips, Scott McKenzie, Mike Love og Terry Melcher. Melcher hadde produsert og vore medlåtskrivar på fleire av dei seinare songane til bandet, samt at han hadde vore ven med Bruce Johnston i lang tid. Denne duoen hadde spelt i lag som Bruce & Terry og The Rip Chords, begge surfeartistar med ein særs liknande California-stil, før Johnston formelt vart ein del av The Beach Boys. Med suksessen til «Kokomo» i bakhand gav the Beach Boys raskt ut albumet Still Cruisin', som selde til gull i USA og gav den beste listeplasseringa deira sidan 1976. I 1990 spelte bandet, no med John Stamos på trommer, inn tittelsporet til komedien Problem Child, og i 1992 kom albumet Summer in Paradise.

Medlemmer i bandet har delteke i fjernsynsseriar som Full House, Home Improvement, og Baywatch seint i 1980- og i 1990-åra, samt at dei har halde fram turnelivet. Etter fleire år med røyking døydde Carl Wilson til slutt av lungekreft i 1998 etter ein lang kamp mot sjukdommen. Love og Johnston heldt fram å turnere som the Beach Boys, men Jardine ønskte ikkje å delta og ingen av dei andre originale medlemmene var med. Samstundes dreiv Brian Wilson og Al Jardine, som begge var lovmessig medlemmer av the Beach Boys, sine solokarrierer med eigne band.

13. juni 2006 sette dei overlevande Beach Boys-medlemmene (Brian Wilson, Mike Love, Al Jardine, Bruce Johnston og David Marks) alle stridar mellom seg til side og kom saman for 40-årsfeiringa av albumet Pet Sounds i ein seremoni på toppen av Capitol Records-bygningen i Hollywood. Wilson sa då at det var ein sjanse for at dei gjenlevande medlemmene kom til å kome saman igjen.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Gruppa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1988,[38] der Mike Love heldt ein tale som gjekk laus på Mick Jagger, Paul McCartney og the Beatles, Bruce Springsteen, Billy Joel og Diana Ross.[39] Bandet vart òg vald inn i Vocal Group Hall of Fame i 1998.[40] I 2001 fekk bandet Grammy Lifetime Achievement Award. Brian Wilson vart innlemma i britiske Rock and Roll Hall of Fame i November 2006.[41] I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone bandet på 12. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.[42]

I 2007 vart the Beach Boys innlemma i Hit Parade Hall of Fame.[40]

Gruppavert ofte nemnd når det er snakk om sommarsongar. About.com kåra Sounds of Summer: The Very Best of The Beach Boys, ei samleplate frå 2003, som den beste sommarplata nokon gong.[43]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til The Beach Boys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «The Beach Boys» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Whitburn, Joel, The Billboard Book of Top 40 Hits, 1992.
    • Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice, My Own Story, 1991.
    • Complete Guide To The Music Of The Beach Boys, av Andrew Grayham Doe
  1. 1,0 1,1 1,2 allmusic - The Beach Boys - Overview. John Bush. Allmusic.com.
  2. "Still America's Band: The Beach Boys Today" Arkivert 2008-12-24 ved Wayback Machine. Kevin M. Cherry. National Review. 8. juli 2002. Henta 13. juli 2009.
  3. The Beach Boys: It must be summer, the Beach Boys are in town! toronto.com. Henta 13. juli 2009.
  4. 4,0 4,1 "Beach Boys: Sunny pop veterans are still shining". Martin Lennon. Scotsman.com. 16. mai 2008. Henta 13. juli 2009.
  5. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 13. juli 2009. 
  6. "The Record Setters: Top 10 American Bands", arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 13. juli 2009 
  7. [1]
  8. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 34
  9. Wilson, Brian (med Todd Gold), 1996. Wouldn't It Be Nice: My Own Story, Bloomsbury Paperbacks, s. 35
  10. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 37-39
  11. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 41
  12. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 44.
  13. 13,0 13,1 Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 46
  14. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 45
  15. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 48
  16. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 51
  17. Wilson, Brian (med Todd Gold), 1996. Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 30
  18. 18,0 18,1 Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 30
  19. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 26
  20. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 32
  21. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 52
  22. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 53
  23. The Beach Boys
  24. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 54
  25. Wilson, Brian (med Todd Gold), Wouldn't It Be Nice: My Own Story, s. 55
  26. The Beach Boys
  27. Carlin, Peter Ames (2006). Catch a Wave: The Rise, Fall, & Redemption of the Beach Boys' Brian Wilson. Rodale Books (New York). ISBN 13-978-1-59486-320-2 Check |isbn= value: length (hjelp). 
  28. The All-TIME 100 Albums, arkivert frå originalen 28. oktober 2008, henta 13. juli 2009 
  29. arkivkopi, arkivert frå originalen 9. september 2010, henta 13. juli 2009 
  30. 30,0 30,1 Carlin, Peter Ames (2006). 'Catch a Wave: The Rise, Fall, & Redemption of the Beach Boys' Brian Wilson', s. 27.
  31. musicangle.com - av Michael Fremer, arkivert frå originalen 22. desember 2008, henta 13. juli 2009 
  32. Carlin, Peter Ames (2006). 'Catch a Wave: The Rise, Fall, & Redemption of the Beach Boys' Brian Wilson', n. 27 supra.
  33. Den uvanlege The unusual kapitaliseringa av tittelen, «SMiLE», var eit uhell frå dei grafiske designarane i Capitol Records.
  34. Priore, Dominic (1997), Look Listen Vibrate Smile, Last Gasp pub., collects much of the "Smile" legend in historical articles and reviews.
  35. Urban Legends Reference Page: All I Want to Do, snopes.com, henta 14. juli 2009
  36. Endless Summer, The Beach Boys Arkivert 2010-09-24 ved Wayback Machine., mp3.com, henta 14. juli 2009
  37. Parents, don't worry – this music will never last
  38. Rock and Roll Hall of Fame Inductees: The Beach Boys, rockhall.com, henta 15. juli 2009
  39. I Know There´s An Answer
  40. 40,0 40,1 Vocal Group Hall of Fame Inductees: The Beach Boys Arkivert 2007-02-17 ved Wayback Machine., vocalgroup.org, henta 15. juli 2009
  41. Led Zeppelin make UK Hall of Fame, bbc.co.uk
  42. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. august 2011. Henta 13. juli 2009. 
  43. Top 10 Summer Pop Albums: The Beach Boys- Sounds Of Summer, henta 15. juli 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]