Beaconsfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Beaconsfield

Beaconsfield kyrkje
Beaconsfield kyrkje
Beaconsfield kyrkje
Plassering
Beaconsfield is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt South Bucks
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 679
Koordinatar 51°36′″N 0°38′″WKoordinatar: 51°36′″N 0°38′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer HP9
Telefon-retningsnummer 01494
Commons har multimedium som gjeld: Beaconsfield

Beaconsfield er ein marknadsby i Buckinghamshire i England, omkring 50 km nordvest for London. Han ligg i Chiltern Hills, og høyrer til pendlarbeltet kring London. Bustadprisane i byen har av den grunnen vorte svært høge.

Namnet er først dokumentert i 1184, då skrive Bekenesfelde, med same tyding som den moderne forma, eit jorde (field) med ein varde (beacon).

Blant kjende personar som har budd i byen finn ein Benjamin Disraeli, som var statsminister i 1868 og igjen 18741880. Han vart den første jarl av Beaconsfield i 1876. Seinare finn ein Enid Blyton, Pauline Quirke og Terry Pratchett. G.K. Chesterton, Edmund Burke og Edmund Waller er gravlagt i byen.

Byen blir tent av ein jernbanestasjon på Chiltern-linja som går frå Marylebone i London til Birmingham. Mens den eldste bydelen, Old Beaconsfield, voks opp omkring ein skysstasjon, har det seinare vakse opp ein ny bydel omkring stasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]