Beaglekanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beagle-kanalen)
Beaglekanalen
Flyfoto av Beaglekanalen, med den chilenske Navarinoøya oppe til høgre og den argentinske delen av Isla Grande de Tierra del Fuego nede til venstre.

Beaglekanalen er eit 240 km langt sund som skjer tvers gjennom øygruppa Eldlandet frå Atlanterhavet til Stillehavet. Kanalen skil Storøya i Eldlandet frå fleire mindre øyar som Picton, Lennox og Nueva, Gable-øya, Navarino-øya, Hoste-øya, Londonderry-øya, O'Brien-øya og Stewart-øya. Den austlege delen av kanalen utgjer landegrensa mellom Chile og Argentina medan den vestlege delen høyrer til Chile åleine.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Beaglekanalen, Drakesundet og Magellansundet er tre moglege ferdsalternativ for skip i trafikk mellom Atlanterhavet og Stillehavet utan å runda Kapp Horn. Av desse er Drakesundet det breiaste og difor den mest brukte leia.

Beaglekanalen er berre 5 km brei på sitt smalaste. Han strekkjer seg frå øya Nueva i aust til Cook-bukta i vest. Den sørvestlege greina går mellom Hoste-øya og Gordon-øya før ho munnar ut i Cook-bukta. Den nordvestlege greina går inn i Darwinsundet mellom Gordon-øya og Storøya. Darwinsundet knyter seg til Stillehavet via to kanalar: O'Brien-kanalen og Ballenero-kanalen, som går på kvar si side av O'Brien-øya.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kanalen er blitt oppkalla etter skipet HMS «Beagle» som dreiv hydrografisk utforsking av området frå 1826 til 1830. Skipet blei seinare kjend for Charles Darwin, som blei med skipet frå 1833.

Kart over Beaglekanalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]