Beardmorebreen
Beardmorebreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei transantarktiske fjella | ||
Koordinatar | |||
Lengd | 200 km | ||
Munning | Rossisen | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Beardmorebreen | |||
Wikimedia Commons: Beardmore Glacier | |||
Beardmorebreen i Antarktis er ein av dei største dalbreane i verda med ei lengd på 200 km og ei breidde på 40 km.[1] Han fell kring 2200 meter[1] frå Det antarktiske platået til Rossisen og grensar til Commonwealth Range i Dronning Maudfjella på austsida og Queen Alexandra Range i Dei sentrale transantarktiske fjella i vest.[2]
Isbreen er ein av hovudrutene gjennom Dei transantarktiske fjella til det store polplatået på andre sida, og var ei av dei tidlege rutene til Sørpolen trass i den bratte hellinga.
Isbreen vart oppdaga og klatra av Ernest Shackleton under Nimrod-ekspedisjonen i 1908. Sjølv om Shackleton måtte snu før han nådde Sørpolen, viste han at det var mogeleg å nå polen denne vegen, og vart den første som sette fot på polplatået. I 1911–1912 drog Robert Falcon Scott og lagmedlemmane frå Terra Nova-ekspedisjonen opp Beardmorebreen og nådde Sørpolen. Dei kom derimot ein månad for etter Roald Amundsen og gruppa hans, som hadde vald å gå opp den tidlegare ukjende Axel Heibergbreen.
Beardmorebreen vart namngjeven av Shackleton etter sir William Beardmore, ein skotsk industrileiar og ekspedisjonssponsor fødd i 1856.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Beardmore Glacier». www.britannica.com. Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 21. januar 2014.
- ↑ «Beardmore Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 21. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Beardmorebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).