Beat Feuz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beat Feuz
Beat Feuz.jpg
Fødd 11. februar 1987
Schangnau
Yrke alpinist
Beat Feuz på Commons

Beat Feuz (fødd 11. februar 1987) er ein sveitsisk skirennar frå Schangnau i kantonen Bern. Han vart nummer to i verdscupen i alpint 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Feuz debuterte i verdscupen i desember 2006 i Reiteralm, utan å utmerke seg. Sesongane 2008 og 2009 gjekk han skadd. Hans beste plassering i verdscupen 2010 var ein 12. plass i den alpine kombinasjonen i Wengen.

Under sitt fyrste store meisterskap, alpin-VM 2011 i Garmisch-Partenkirchen, vart han nummer ni i utfor. Han fekk sitt gjennombrot som skirennar i utforløypa på Kvitfjell 11. mars 2011. Den dagen vann Feuz utforrennet med fem hundreddels margin til Erik Guay frå Canada. Dagen etter kom Feuz på tredjeplassen i den same løypa.

Gjennom heile 2012-sesongen var Feuz med i tetkampen om verdscuptroféet. Ved sesongslutt stod han med 1 330 poeng, og kom dermed 25 poeng bak verdscupvinnaren Marcel Hirscher frå Austerrike, men var nesten 200 poeng føre tredjemann, nordmannen Aksel Lund Svindal. Feuz vann fire av verdscuprenna, og stod i alt 13 gongar på pallen.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Dato Stad Øving
1. 2011-03-1111. mars 2011 Flag of Norway.svg Noreg Kvitfjell Utfor
2. 2011-12-1616. desember 2011 Flag of Italy.svg Italia Val Gardena Super-G
3. 2012-01-1414. januar 2012 Flag of Switzerland.svg Sveits Wengen Utfor
4. 2012-02-1111. februar 2012 Flag of Russia.svg Russland Sotsji Utfor
5. 2012-03-022. mars 2012 Flag of Norway.svg Noreg Kvitfjell Super-G*

*Delt med Klaus Kröll

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]