Beat the Clock av Sparks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beat the Clock
Singel av Sparks
frå albumet No. 1 in Heaven
Utgjeve Juli 1979
Innspelt 1979
Sjanger
Lengd 4:24
3:49 (singel)
Selskap Virgin Records
Låtskrivar(ar) Ron Mael, Russell Mael
Produsent Giorgio Moroder
Sparks-kronologi 
«The Number One Song in Heaven»
(1979)
Beat the Clock «Tryouts for the Human Race»
(1979)


«Beat the Clock» er ein discosong av den amerikanske rockeduoen Sparks, som kom ut i 1979 .Songen er kalla opp etter gameshowet Beat the Clock.

Songen nådde tiandeplassen i august 1979 og låg seks veker på UK Singles Chart.[1] Det var den tredje og siste topp 10-singelen deira i Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut på albumet No. 1 In Heaven og var produsert av Giorgio Moroder. Seint i 1970-åra var han ein av dei fremste produsentane og samarbeidet hans med Sparks kom til ved at Sparks likte Donna Summer-songen «I Feel Love», som Moroder var medlåtskrivar og produsent på.

12"-miksen var den første av remiksane til gruppa. Remiksen nytta trommemønsteret frå den midtre delen av songen og la til ei ny melodilinje på synthesizer under refrenget. Den «lange versjonen» som han vart kalla vart korta ned til tre og eit halvt minutt og gjeven ut som B-side til 7"-singelen. Lange versjonar av «The Number One Song in Heaven» og «Tryouts for the Human Race» - begge singlar frå same album som «Beat the Clock» var berre albumversjonane.

Ei ekstra B-side på 12-tommarversjonen var ein reklame som marknadsførte albumet No. 1 in Heaven, med klipp frå dei fleste songane på albumet. Reklamenvart fortalt av Peter Cook.[2] 12"-versjonane kom som farga biletplater, den indre 7"-delen av plata var ei biletplate, medan dei ytre fem tommane var ulike fargar, som blå, rosa, grøn og gul.

Songen vart sidan omarbeidd for albumet Plagiarism i 1998, og eit konsertopptak vart gjeven ut som B-side til den britiske CD-singelen «Now That I Own the BBC» i januar 1996.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" Virgin VS270
  1. «Beat the Clock» — 3:49
  2. «Beat the Clock» (Alternative Mix) — 3:32
12" Virgin VS27012[2]
  1. «Beat the Clock» — 3:49
  2. «Untitled Commercial»
  3. «Beat the Clock» (Long Version) — 6:43

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
U.K. Singles chart 10
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 10
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[4] 16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 21. april 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Sparks - Beat The Clock (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. 6. juli 1979. Henta 21. april 2022. 
  3. "Ultratop.be – Sparks – Beat The Clock" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  4. "Nederlandse Top 40 – Sparks search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.