Beatles for Sale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beatles for Sale
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 11. august – 26. oktober 1964
Studio EMI Studios i London
Sjanger
Lengd 34:13
Selskap Parlophone
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
A Hard Day's Night
(1964)
Beatles for Sale Help!
(1965)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
The A.V. Club B[4]
Blender 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Consequence of Sound A–[6]
The Daily Telegraph 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Encyclopedia of Popular Music 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
Music Story 3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[9]
Paste 79/100[10]
Pitchfork Media 9.3/10[2]
The Rolling Stone Album Guide 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[11]

Beatles for Sale er det fjerde albumet til The Beatles. Det kom ut seint i 1964 og vart produsert i George Martin for Parlophone. Albumet synte eit lite vendepunkt i korleis Lennon og McCartney skreiv tekstar, og særleg Lennon viste ei interesse for å skrive songar som var meir sjølvbiografiske. «I’m a Loser» er første song som viser at Lennon var inspirert av Bob Dylan[12], som Beatles møtte i New York i august 1964.[13]

I USA vart songane på Beatles for Sale først gjeve ut på albuma Beatles ’65 og Beatles VI.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Berre seks dagar etter at Beatles hadde vore i studio for å gjere ferdig A Hard Day’s Night, kom gruppa tilbake til studio og starta på Beatles for Sale. Før innspelinga starta for fullt reiste bandet til Australia og New Zealand, og spelte konsertar i Nederland, Danmark og Sverige. Dei gjorde også fleire opptrede på fjernsyn, radio og konsertar i Storbritannia. Denne hektiske perioden med konsertar og reklamering for tidlegare plater gjorde at bandet fekk mindre tid til låtskriving og albumet inneheldt derfor fleire coverversjonar etter at A Hard Day’s Night berre hadde inneheldt originale songar. Likevel fekk dei tid til å spele inn singelen «I Feel Fine» og B-sida «She’s a Woman» (ingen av dei på albumet). Det er ein sterk country-påverknad på songar som «I Don’t Want to Spoil the Party» og «I’m a Loser».

Beatles for Sale vart spelt inn hadde Beatlemania akkurat nådd eit høgdepunkt, tidleg i 1964. Innspelinga starta 11. august, berre ein månad etter A Hard Day’s Night kom ut. Mykje av albumet vart spelt inn på «fridagar» frå konsertar i Storbritannia, og det meste av låtskrivinga vart gjort i studio. Det meste av albumet vart spelt inn i løpet av tre veker frå 29. september og framover. Produsenten George Martin har fortalt at bandet var særs slitne under innspelinga etter alt oppstyret som hadde vore gjennom heile 1964 og store delar av 1963.

Albumet måtte ut før jul, og slitne som dei var, klarte ikkje Lennon/McCartney å skrive nok songar i tide. Bandet måtte difor ty til coverversjonar. Albumet inneheld seks coverversjonar, like mange som på debutalbumet. Tre av coversongane vart spelte inn på totalt fem forsøk under ei innspeling den 18. oktober. Åtte av songane var orignale Lennon- og McCartney-songar. Innspelinga av albumet var ferdig 18. oktober og det var ferdig miksa 4. november. Nøyaktig ein månad seinare vart albumet gjeve ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Beatles for Sale vart gjeve ut i Storbritannia den 4. desember 1964. 12. desember gjekk han inn på albumlista og vart liggande der i 46 veker. Ei veke etter han kom inn slo han A Hard Day’s Night ned frå førsteplassen. Den noko endra amerikanske utgåva, Beatles ’65, nådde førsteplassen i USA.

26. februar 1987 vart Beatles for Sale offisielt gjeve ut på CD, og albumet gjekk då inn på albumlista i Storbritannia igjen for to veker.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «No Reply»   2:15
2. «I’m a Loser»   2:31
3. «Baby’s in Black»   2:02
4. «Rock and Roll Music» (Chuck Berry) 2:30
5. «I’ll Follow the Sun»   1:46
6. «Mr. Moonlight» (Roy Lee Johnson) 2:33
7. «Kansas City/Hey, Hey, Hey, Hey» (Jerry Leiber og Mike Stoller, Richard Penniman) 2:33
Side to
# Tittel Lengd
8. «Eight Days a Week»   2:43
9. «Words of Love» (Buddy Holly) 2:31
10. «Honey Don’t» (Carl Perkins) 2:55
11. «Every Little Thing»   2:01
12. «I Don't Want to Spoil the Party»   2:33
13. «What You’re Doing»   2:30
14. «Everybody’s Trying to Be My Baby» (Carl Perkins) 2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ian MacDonald[14]

The Beatles

Andre musikarar

  • John, Paul og Martin spelte same pianoet på «Rock and Roll Music».

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964–65) Plassering
Australia (Kent Music Report)[15] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[16] 1
Britiske album (OCC)[17] 1
Liste (1987) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[18] 17
UK Albums Chart[19] 45
Liste (2009) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[20] 68
Belgiske album (Ultratop Flandern)[21] 79
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[22] 96
Finske album (Suomen virallinen lista)[23] 35
Italienske album (FIMI)[24] 84
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[25] 40
Spanske album (PROMUSICAE)[26] 74
Svenske album (Sverigetopplistan)[27] 31
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[28] 65
UK Albums Chart[19] 56

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[29] Gull 35 000^
Canada (Music Canada)[30] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[31] Gull 100 000^
USA (RIAA)[32] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[33]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hickey 2010, s. 51.
  2. 2,0 2,1 Ewing, Tom (8. september 2009). «The Beatles: Beatles for Sale». Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/13424-beatles-for-sale/. Henta 11. mars 2018. 
  3. Erlewine, Stephen Thomas. «The Beatles Beatles for Sale». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/beatles-for-sale-mw0000189172. Henta 11. mars 2018. 
  4. Klosterman, Chuck (8. september 2009), «Chuck Klosterman Repeats The Beatles», The A.V. Club (Chicago), Arkivert frå den opphavlege versjonen den 11. mars 2018, https://www.webcitation.org/6GuiHAk0V?url=http://www.avclub.com/articles/chuck-klosterman-repeats-the-beatles,32560/, henta 11. mars 2018 
  5. Du Noyer, Paul (2004). «The Beatles Beatles for Sale». Blender. Arkivert frå the original 4. mai 2006. Henta 11. mars 2018. 
  6. Balderrama, Anthony (17. september 2009). «Album Review: The Beatles – Beatles for Sale [Remastered]». Consequence of Sound. http://consequenceofsound.net/2009/09/album-review-the-beatles-beatles-for-sale-remastered/. Henta 11. mars 2018. 
  7. McCormick, Neil (4 September 2009), «The Beatles – Beatles For Sale, review», The Daily Telegraph (London), http://www.telegraph.co.uk/culture/music/the-beatles/6139165/The-Beatles-Beatles-For-Sale-review.html, henta 11. mars 2018 
  8. Larkin 2006, s. 489.
  9. «The Beatles > Discographie de The Beatles (in French)». Music Story. Arkivert frå originalen den 19. juni 2013. https://web.archive.org/web/20130619191846/http://www.music-story.com/the-beatles. Henta 5. april 2017. 
  10. Kemp, Mark (8. september 2009). «The Beatles: The Long and Winding Repertoire». Paste. https://www.pastemagazine.com/articles/2009/09/the-beatles-the-long-and-winding-repertoire.html. Henta 11. mars 2018. 
  11. Brackett & Hoard 2004, s. 51.
  12. Mark Lewisohn – Complete Beatles Chronicle, s.168
  13. Paul McCartney – Many Years From Now av Barry Miles
  14. MacDonald 2005, s. 122–41.
  15. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  16. "Offiziellecharts.de – The Beatles – Beatles for Sale" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. mars 2018.
  17. "Beatles | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. mars 2018.
  18. "The Beatles – Beatles for Sale". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  19. 19,0 19,1 «Beatles for Sale (1987 Version)" > "Chart Facts». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/search/albums/beatles%20for%20sale%20(1987%20version)/. Henta 28. juni 2017. 
  20. "The Beatles - Beatles for Sale" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  21. "The Beatles – Beatles for Sale" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  22. "The Beatles – Beatles for Sale" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  23. "The Beatles: Beatles for Sale" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 12. juni 2016.
  24. "The Beatles – Beatles for Sale". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  25. "The Beatles – Beatles for Sale". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  26. "The Beatles – Beatles for Sale". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  27. "The Beatles – Beatles for Sale". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  28. "The Beatles – Beatles for Sale". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 12. juni 2016.
  29. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. http://www.aria.com.au/pages/httpwww.aria.com.aupagesARIACharts-Accreditations-2009Albums.htm. Henta 11. mars 2018. 
  30. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Beatles for Sale». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Beatles+for+Sale%22%20%22The+Beatles%22. Henta 11. mars 2018. 
  31. «British album salstrofé – The Beatles – Beatles for Sale». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 11. mars 2018.  Enter Beatles for Sale in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  32. «American album salstrofé – Beatles, The – The Beatles_ Story». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22The+Beatles_+Story%22. Henta 11. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  33. Beatles albums finally go platinum, BBC News, 2. september 2013, http://www.bbc.co.uk/news/entertainment-arts-23927271, henta 11. mars 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]