Beatrice Faumuina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beatrice Faumuina
Statsborgarskap New Zealand
Fødd 23. oktober 1974
Auckland
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Beatrice Raoni Liua Faumuina (fødd 23. oktober 1974) er ein newzealandsk diskoskastar frå Auckland som vart verdsmeister i øvinga i 1997.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Faumuina gjorde sitt internasjonale gjennombrot i 1997. Den 4. juli vann ho diskostevlinga i Bislett Games i Oslo med sitt livslengste kast, målt til 68,52 meter. Vel ein månad seinare vann ho gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Aten med eit lengstekast på 66,82 m.

Sidan heldt Faumuina seg i verdstoppen i diskoskasting til 2005. Dei beste beste meisterskapsplasseringane fekk ho med ein femteplass i VM 1999, sjuandeplassen i OL 2004 i Aten og ein fjerdeplass i VM 2005. Både i 1998 og 2002 vart ho samveldemeister.

Faumuina la opp i 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]