Beatus Rhenanus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beatus Rhenanus
Beatus Rhenanus.jpg
Portrett av Beatus Rhenanus frå Briefwechsel des Beatus Rhenanus (1886)
Fødd 22. august 1485 (juliansk)
Sélestat
Død

20. juli 1547 (juliansk)
Strasbourg

Yrke forleggjar, historikar, filosof, klassisk filolog, jurist
Beatus Rhenanus på Commons

Beatus Rhenanus (22. august 148520. juli 1547), opphavleg Beat Bild, var ein tysk humanist, forfattar, redaktør og boksamlar. Han var respektert i samtida for utgjevinsarbeidet sitt med antikke og samtidige tekstar. I ettertida er han særleg blitt kjend for den omfattande boksamlinga si, Det humanistiske biblioteket i heimbyen Sélestat, som er teke med på UNESCO-lista over verdsarv.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Beatus Rhenanus sine studienotat.
Foto: Claude Truong-Ngoc

Beat Bild var fødd i i Schlettstadt (Sélestat) i Elsass (Alsace) som son av ein velståande slaktar som ei tid var borgarmeister i byen. Faren var kjend under namnet Rinauer eller Rinower, 'ein frå Rhinau'. Dette danna utgangspunktet for sonen sitt latiniserte etternamn.

Beat Bild var elev ved den velrenommerte latinskulen i Schlettstadt og blei seinare student i Paris. Her studerte han retorikk, poetikk, aristotelisk filosofi og dei greske kyrkjefedrane frå 1503 til 1507. Han arbeidde ei tid som korrekturlesar for trykkaren Henri Estienne, og tok til slutt magistergrad. Under studietida tok han vare på notatbøkene sine og byrja bygga opp ei omfattande boksamling.

Etter å ha vend heim til Elsass fortsette han å studera gresk i Strasbourg frå 1507 til 1511, samtidig som han korrekturlas for trykkaren Mathias Schurer og blei kjend med viktige humanistar som Wimpfeling, von Kaisersberg og Brant.

Frå 1511 til 1520-åra heldt han til i Basel i Sveits. Han arbeidde for trykkaren Johann Froben og studerte gresk hjå dominikanarmunken Johann Cuno.

Heimområdet var prega av uro på 1520-talet, med politisk uro i Schlettstadt i 1523 og -24, og det tyske bondeopprøret i 1524-25. Rhenanus vende tilbake til Schlettstadt i 1526. Han blei borgar og seinare borgarmeister i byen.

I 1523 fekk han ein adelstittel av den tysk-romerske keisaren Karl V. Frå rundt 1540 sette dårleg helse han tilbake, og Rhenanus kunne ikkje samla og trykka bøker så aktivt som før.[1] Han gifta seg med enkja Anna Braun, men dei budde ikkje saman. I 1547 blei han svært sjuk, og reiste til kurbadbyen Baden-Baden. Han døydde på heimvegen, i Strasbourg, 20. juli 1547.[2]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Som filolog og forskar redigerte Beatus Rhenanus verk av kyrkjefedrane og klassikarar frå antikken. Ofte ved hjelp av nyoppdaga manuskript redigerte han og gav ut verk av Tertullianus (1521) historikarane Curtius Rufus (1518), Velleius Paterculus (1520), Procopius, Jordanes og Agathias (1531), Tacitus (1533) og Livius (1535, saman med Sigismund Gelenius). Han gav også ut verk av sine samtidige, som Martin Luther, Thomas More og det første verket han gav ut, om Johann Geiler von Kaisersberg (1510).

Rhenanus kom i nær kontakt med humanisten Erasmus av Rotterdam. Begge to var kritiske til den beståande kyrkja, men var motstandarar av å bryta med henne totalt slik Martin Luther og andre protestantar gjorde i samtida. Rhenanus prøvde å få protestantleiarane Luther, Calvin og Zwingli til å nærma seg kvarandre, utan å lukkast. Beatus Rhenanus arva Erasmus sine brev og avhandlingar. Han blei den første til å redigera og katalogisera verka til Erasmus, og skreiv ein detaljert biografi om venen.

Rhenanus var påverka av Tacitus sine tekstar om germanske folk, og i 1531 skreiv han sitt eige kommentarverk om opphavet og kulturen til germanarane, Rerum Germanicarum libri tres ('Tre bøker om germanske emne').

Boksamling[endre | endre wikiteksten]

Frå det humanistiske bibilioteket i Sélestat.
Foto: Claude Truong-Ngoc

Rhenanus var berre femten år då han kjøpte sine første bøker, ved bokmessa i Strasbourg i 1550.[1] Då han vende heim frå Paris i 1507 hadde han allereie skaffa seg ei samling på 253 bøker.[1]

Mykje av samlinga hans kom gjennom kontakt med andre, som dei store samtidsforfattarane Erasmus, Lèfevre d’Etaples og Budé, dei religiøse reformatorane Melanchton, Bucer og Zwingli og trykkarane Estienne, Josse Bade, Matthis Schürer, Froben og Amerbach. Han hadde også kontakt med høgtståande maktpersonar som Fugger-familien og den tysk-romerske keisaren Karl V, biskopen av Worms og lærde munkar, som alle kunne hjelpa han i søket etter bøker og manuskript.[3] I tillegg til dokumenta frå Erasmus frå Rotterdam arva han bøker frå sin gresk-professor, dominikanarmunken Johann Cuno, som sjølv hadde arva materiale frå den nyskapande trykkaren Aldo Manuzio.[1]

I 1515 fann han manuskriptet til ei romersoge skriven av Velleius Paterculus i klosteret i Murbach i Alsace. Teksten skildra konflikten mellom romarane og germanarane, og var viktig innan Rhenanus sitt interessefelt germansk historie.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Pierre Petitmengin, «Beatus Rhenanus' Books». Opphavleg i Histoire des bibliothèques françaises, tome 1 : Les bibliothèques médiévales du VIe siècle à 1530, Paris, Promodis – Editions du Cercle de la Librairie, 1989, pp. 298-301).
  2. Beatus Rhenanus, Allgemeine Deutsche Biographie (1889)
  3. Beatus Rhenanus (Beat Bild), Scuola Normale Superiore di Pisa
  4. Velleius Paterculus, livius.org