Beaufort Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beaufort Island
øy
Beaufort Island
Land  Antarktis
Øygruppe Ross Archipelago[1]
Del av Ross Archipelago
Stad Antarktis
 - koordinatar 76°56′S 166°56′E / 76.933°S 166.933°E / -76.933; 166.933
Høgaste punkt Paton Peak
 - høgd 771 moh.
Areal 18,4 km²
Folketal Ukjend
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Beaufort Island
76°57′14″S 166°57′07″E / 76.954°S 166.952°E / -76.954; 166.952
Beaufort Island is located in Antarktis
Beaufort Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Beaufort Island

Beaufort Island er ei øy i Rosshavet i Antarktis. Ho er den nordlegaste øya i Ross Archipelago,[1] og ligg 21 km nord for Cape BirdRoss Island. Ho er om lag 18,4 km² stor og vart først kartlagd av James Clark Ross i 1841. Ross kalla ho opp etter Sir Francis Beaufort, hydrograf i den britiske Royal Navy.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Beaufort Island vart skapt av vulkansk aktivitet og består av basalt. Forma hennar er halvrund og det høgaste punktet er Paton Peak, på 771 moh. Øya har eit variert terreng og habitat. Det meste av vestsida av øya er dekt av ei moderat bratt isfelt med isveggar som er kring 20 m høg mot kysten. Aust- og sørsida av øya er stort sett isfri, men med bratte klipper som stig rett opp frå sjøen. Her er den isfrie bakken slak og har små tjern som sommaren og smeltevatn som renn ut mot kysten.[2][3]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Beaufort Island har status som eit antarktisk særskild verneområde for å bevare det naturlege økologiske systemet og venre dei varierte og talrike fugleartane.[2][4] Øya er isolert og vanskeleg å nå, og vert derfor sjeldan vitja av folk. Ho er stort sett uforstyrra av direkte menneskeleg aktivitet, og det har vore færre høve for innføring av eksotiske artar enn andre stader i Rosshavet.[3] Sjølv om det er gjort noko forsking på øya, er ho aldri vorte nøye granska.[5]

Det er ein liten koloni med hekkande keisarpingvinar på sjøisen like nord for øya. Det er ein stor adeliepingvin-koloni på ein strandvoll kalla Cadwalader Beach i sørvestenden av øya. Øya har òg fleire hekkande koloniar med sørjo.[2][3]

Øya har eit omfattande område med vegetasjon på ein morenebenk 5-7 meter over stranda på nordsida av øya. Morenebenken er opp mot 50 meter brei. Vegetasjonen er dominert av mosearten Bryum argenteum. Det er det mest omfattande og samanhengande område med mosar som ein kjenner til i området kring McMurdo Sound. Det finst òg forskjellige typar algar på øya. Det er ein av dei sørlegaste stadane der ein finn raude snøalgar (Chlamydomonas sp., Chloromonas sp., og Chlamydomonas nivalis). Staden er gunstig med tanke på vegetasjon fordi sommaretemperaturen vert relativt høg. Nordenden av øya ligg verna frå den kalde sønnavinden av høge isklipper, og området får tilført vatn frå isklippene og snøbakkane.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Beaufort Island TAMDEF Page[daud lenkje], Ohio State University.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Stonehouse, Bernard, 2002, Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans, John Wiley and Sons, s. 25, ISBN 0-471-98665-8.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Antarctic Specially Protected Area (ASPA) No. 105 Beaufort Island, McMurdo Sound, Ross Sea, National Science Foundation.
  4. Beaufort Island, Rosshavet i Antarktiske verneområde.
  5. Management Plan for Antarctic Specially Protected Area (ASPA) No. 105[daud lenkje] i Antarktis New Zealand.