Beautiful Dreamer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Beautiful Dreamer»

Første utgåve
Musikk av Stephen Foster
Publisert New York: Wm. A. Pond & Co. (Mars 1864)
Skriven 1862(?)
Språk engelsk
Form strofisk

«Beautiful Dreamer» er ein salongsong av Stephen Foster (1826–1864). Han vart publisert posthumt i mars 1864, av Wm. A. Pond & Co. frå New York. Den første utgåva seier på tittelsida at det er «den siste songen Stephen C. Foster nokon sinne skreiv. Komponert nokre få dagar før han døydde.»[1] Carol Kimball, som skreiv Song, peikar på at den første utgåva er datert til 1862, som indikerer at songen vart skriven og gjort klar for publisering to år før Foster døydde. Det finst minst 20 songar, skriv ho, som det vert hevda var den siste Foster skreiv, og det er ukjend kva for nokre av desse det er. Songen er skriven i 9/8-takt med eit brote akkordakkompagnement.[2][3]

Songen fortel om ein mann som syng til ein «Beautiful Dreamer» (vakker draumar) som ikkje bryr seg om kva som skjer i verda og som kanskje kan vere død. Songane til Foster hadde ofte med unge, døde kvinner, inkludert syster hans Charlotte[3] and «Jeanie".[2] Helen Lightner skriv «Denne sentimentale balladen er viseaktig i karakter med sin repeterande, men vedunderlege melodi og det grunnleggjande harmoniske akkompagnementet. Den rolege stemninga kjem fram i monotonien i det arpeggio-spelte akkompagnementet, dei gjentakande melodimønstra og den strofiske forma.»[4]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

1.
Beautiful dreamer, wake unto me,
Starlight and dewdrops are waiting for thee;
Sounds of the rude world, heard in the day,
Lull'd by the moonlight have all pass'd away!
Beautiful dreamer, queen of my song,
List while I woo thee with soft melody;
Gone are the cares of life's busy throng,
Beautiful dreamer, awake unto me!
Beautiful dreamer, awake unto me!

2.
Beautiful dreamer, out on the sea,
Mermaids are chanting the wild lorelei;
Over the streamlet vapors are borne,
Waiting to fade at the bright coming morn.
Beautiful dreamer, beam on my heart,
E'en as the morn on the streamlet and sea;
Then will all clouds of sorrow depart,
Beautiful dreamer, awake unto me!
Beautiful dreamer, awake unto me!

Innspelingar, film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

«Beautiful Dreamer» av Currier and Ives

Songen vart spelt inn av Bing Crosby med John Scott Trotter & his Orchestra; Steve Conway med Jack Byfield & his Orchestra; Thomas Hampson med Jay Ungar (mandolin), David Alpher (piano) og Molly Mason (gitar); John Leyton; Jerry Lee Lewis;[5] Slim Whitman og Roy Orbison på albumet In Dreams (singelen nådde topp 10 i Australia i 1964). Dokumentarfilmen Beautiful Dreamer: Brian Wilson and the Story of Smile er kalla opp etter songen. Songen er òg med på det posthume albumet til Ray Price, Beauty Is... Ray Price, The final sessions (2014).

Jim Reeves spelte inn ein versjon medan han var på turné i Sør-Afrika i 1962. Reeves song songen på afrikaans med tittelen «Bolandse Nooientjie". Sjølv om Reeves ikkje kunne afrikaans, klarte han å syngje songen fordi den sørafrikanske låtskrivaren Gilbert Gibson stod bak Reeves og kviskra teksten til han. Han song så dei same orda i mikrofonen.

Songen er å høyre i mange filmar, som Tatt av vinden; Duel in the Sun; The Night of the Grizzly; She Done Him Wrong; Mighty Joe Young (1949); The Death Collector; Batman (1989); The Secret Life of Walter Mitty; An American Tail; Drop Dead Gorgeous; Friends 'Til The End; Office Space; Go West (1940); The Old Chisholm Trail; The Naked Spur og The Domino Kid 1957.

Gerry Goffin og Jack Keller skreiv ein doo-wop-versjon for Tony Orlando[6] som tok store fridomar frå originalen. Orlando gav ut denne versjonen på singel i 1962[7][8] og han vart raskt ein song Beatles spelte på konsertane sine i 1962 og 1963.[9]

Bobby Darin spelte inn ein bluesaktig versjon med heilt ny tekst, men denne vart først gjeven ut i 1999. Vikingarna spelte inn ein svenskspråkleg versjon av songen kalla «Drömmer av silver».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Catalogue of first editions of Stephen C. Foster (1826–1864). Library of Congress. s. 9.
  2. 2,0 2,1 Carol Kimball. Song: a guide to art song style and literature. Hal Leonard Corporation. s. 248.
  3. 3,0 3,1 Michael Saffle. 2000. Perspectives on American music, 1900-1950 Taylor & Francis. s. 382.
  4. Helen Lightner. Class voice and the American art song: a source book and anthology. Scarecrow Press. s. 32.
  5. Jerry Lee Lewis, Rocket Henta 25. februar 2015.
  6. /mt0027231815 Beautiful DreamerAllmusic
  7. «Record Details». 45cat. Henta 25. februar 2015. 
  8. VideoYouTube
  9. Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Bounty Books. s. 98. ISBN 978-1-85152-975-9.