Beck's Bolero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beck's Bolero
Song av Jeff Beck
Utgjeve
  • 10. mars 1967 (Storbritannia)
  • 3. april 1967 (USA)
Innspelt 16. mai 1966
Sjanger
Lengd 2:53
Selskap
Låtskrivar(ar) Jimmy Page
Produsent Mickie Most

«Beck's Bolero» er ein rockeinstrumental spelt inn av den engelske gitaristen Jeff Beck i 1966. Det var den første soloinnspelinga til Beck og har blitt skildra som «ein av dei beste rockeinstrumentalane, med episk omfang, harmonisk og rytmisk ambisiøs, og likevel fylt med primal energi».[1] «Beck's Bolero» har ein markant melodi med fleire gitarpartar som vert driven av ein rytme inspirert av Ravel sin Boléro.

Innspelinga vart utført av ei gruppe musikarar som bestod av Jimmy Page, Keith Moon, John Paul Jones og Nicky Hopkins, som seinare meinte at besetninga var det første forsøket på det som seinare vart Led Zeppelin. Det er usemje om kven som komponerte stykket, og kven som var produsent. Trass i at songen berre er tilskriven Page, hevda Beck at han bidrog til delar av komposisjonen. I tillegg har både Page og Simon Napier-Bell begge hevda at dei produserte songen, medan Mickie Most står oppført som produsent.

«Beck's Bolero» vart ikkje gjeven ut før ti månader etter han vart innspelt, og då berre som B-side til den første singelen til Beck. Då songen fekk eit større publikum på debutplata til Beck, Truth i slutten av 1968, vart han framleis rekna som ganske nyskapande, sjølv om han då var over to år gammal.[2] Beck har halde fram å spele songen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av «Beck's Bolero» kom til som eit sideprosjekt for Jeff Beck medan han var medlem av The Yardbirds.[3] «Det vart avgjort at kanskje det var ein god ide for meg å spele inn eigne ting ... dels for å stoppe klaginga mi i The Yardbirds», sa Beck.[4] Manageren til The Yardbirds oppfordra bandmedlemmane til skape merksemd for bandet via suksess med eigne soloprosjekt.[5] Det vart leigd studiotid i mai 1966 ved IBC Studios i London.[3] For å førebu innspelinga, henta Beck inn venen og studiogitaristen Jimmy Page, som hadde tilrådd Beck som erstattar for Eric Clapton i The Yardbirds, for å arbeide på somme idear for songar han kunne spele inn.[3]

Sjølv om det var usemje om kven som faktisk skreiv songen, var både Beck og Page samde om at Page byrja å spele nokre akkordar på 12-strengsgitar med ein rytme basert på Boléro.[4] Boléro er eit orkesterstykke i ein sats komponert av Maurice Ravel i 1928, bygd på eit vedvarande og repeterande motiv.[3] Det vart utvikla ei melodilinje for gitar for å bryte opp rytmen, liknande Yardbird sine arrangement for «For Your Love» og «Shapes of Things».[4]

Med ei skisse til ein song og Page ombord på gitar, møtte Beck Keith Moon frå The Who, som han rekna blant favorittrommisane sine.[3] Moon var misnøgd med The Who på denne tida og gjekk med på å delta.[3] For å unngå konfrontasjonar med Pete Townshend og Kit Lambert, managaeren til The Who, ønskte Moon å gjere dette i skjul.[6] Han tilrådde bandkollegaen John Entwistle, som òg var misnøgd med The Who, til å spele bass.[7]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Jeff Beck i Fillmore East i 1968

Innspelinga fann stad i IBC Studios den 16. og 17. mai 1966[8] (men ein dato etter Beck slutta i The Yardbirds i november 1966 er òg blitt indikert).[2] Moon kom til studio utkledd med solbriller og ein russisk kosakkhatt.[9] Då Entwistle ikkje møtte opp, vart studiomusikarane John Paul Jones og Nicky Hopkins henta inn i siste augneblink for å spele bass og piano.[10] Det finst òg ei soge som ikkje er blitt stadfesta om at Ritchie Blackmore kan ha vore involvert i studioet,[11] men dette er ikkje blitt stadfesta av Beck, Page eller andre på innspelinga.[10][12] Napier-Bell, produsenten til Yardbird som opphavleg hadde kome med ideen, var til stades på innspelinga.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Utgjevinga av «Beck's Bolero» vart utsett ti månader, då Jeff Beck byrja solokarrieren sin etter å ha slutta i The Yardbirds. Han kom ut som B-side til den første singelen hans, «Hi Ho Silver Lining», som kom ut 10. mars 1967 i Storbritannia og 3. april 1967 i USA. Den første britiske utgåva trykte Jeff Beck som komponisten på «Bolero» medan seinre utgåver synte «Beck's Bolero» og «J. Page».[13] Singelen nådde fjortandeplassen på UK Singles Chart,[14] og 123. plassen på den amerikanske Billboard Bubbling Under Hot 100 Singles-lista.[15] «Hi Ho Silver Lining» vart ignorert av amerikansk undergrunns FM-radio,[16] men «Beck's Bolero» vart mykje spelt på det nye radioformatet.[17]

I 1968 vart instrumentale spreidd for eit større publikum då han kom med på debutalbumet til Jeff Beck Group, Truth. Det kom ut i USA i juli og nådde 15. plassen på Billboard 200 ein månad seinare.[18] Truth kom ut i oktober i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på albumlista der.[19] På den britiske monoutgåva har «Beck's Bolero» ein 15 sekundar lang baklengs gitarsolo til slutt. Denne versjonen kom ut som bonusspor i 2006 på den nymastra utgåva av TruthSundazed Records.

«Beck's Bolero» har vore ein av favorittstykka til Beck[20] og han har framført songen fleire gonger, ofte som opningsnummer. Eit konsertopptak frå 2008 finst på Live at Ronnie Scott's.[2] Den 4. april 2009 introduserte Page Beck då Beck vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i lag spelte dei «Beck's Bolero» med Page på den originale Fender XII elektriske 12-strengsgitaren frå 1965 han opphavleg nytta på den originale innspelinga i 1966.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. di Perna 2012.
  2. 2,0 2,1 2,2 Unterberger, Richie. «Jeff Beck: Beck's Bolero – Song Review». AllMusic. Henta 4. juli 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Power 2011, s. 130.
  4. 4,0 4,1 4,2 Noble 1993.
  5. Hjort 2000, s. 49.
  6. Power 2011, s. 131.
  7. Welch 2009, s. 60.
  8. Neill 2009, s. 83.
  9. 9,0 9,1 Power 2011, s. 132.
  10. 10,0 10,1 Carson 2001, s. 67.
  11. Power 2011, s. 134.
  12. 12,0 12,1 Tolinski 2012.
  13. Neill 2011.
  14. «Jeff Beck – Singles Chart History». Official Charts. Henta 4. juli 2018. 
  15. Whitburn 2008, s. 37.
  16. Beck later described «Hi Ho Silver Lining» as «having a pink toilet seat hanging around my neck for the rest of my fucking life». Power 2011, p. 126.
  17. Classic Rock Instrumentals 1992.
  18. Eder 2003, s. 34.
  19. «Jeff Beck – Albums». Official Charts. Henta 4. juli 2018. 
  20. Clayson 2002, s. 95.