Beck-Ola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beck-Ola
Studioalbum av The Jeff Beck Group
Utgjeve Juni 1969
Innspelt 3–19. april 1969
Studio De Lane Lea Studios, Abbey Road Studios og Trident Studios i London; Mirasound Studios i New York City[1]
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock, hardrock
Lengd 30:29
Selskap EMI Columbia (Storbritannia)
Epic Records (USA)
Produsent Mickie Most
The Jeff Beck Group-kronologi
Truth
(1968)
Beck-Ola Rough and Ready
(1971)


Beck-Ola er det andre studioalbumet til Jeff Beck, gjeve ut i 1969 i StorbritanniaColumbia Records og i USAEpic Records. Albumet nådde 15. plassen på Billboard 200 og 39. plassen på den britiske albumlista.[2] Albumet er eit ordspel på namnet til jukeboksselskapet Rock-Ola.

Bakgrunn og innhald[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av det førre albumet, Truth, vart trommeslagaren Micky Waller mot slutten av 1968 erstatta av Tony Newman sidan Jeff Beck ønskte å gå i ei tyngre retning og han rekna Waller som meir ein trommis med finesse innan ein Motown-liknande til.[3] Pianisten Nicky Hopkins, som òg hadde spelt på Truth, vart spurt om å bli med i bandet som fulltidsmedlem.

Innspelinga av albumet fann stad over seks dagar i april 1969.[4] Dei spelte inn to songar av Elvis Presley, «All Shook Up» og «Jailhouse Rock», i tillegg til «Girl from Mill Valley», ein instrumental av og med Hopkins. Dei andre fire songane var originalar, og instrumentalen «Rice Pudding» avslutta albumet og var kraftig korta ned. Plateomslaget består av ein reproduksjon av den belgiske surrealistiske kunstnaren René Magritte sitt The Listening Room. På baksida av det originale plateomslaget, ved sidan av «Beck-Ola», står det skrive «Cosa Nostra», italiensk for «vår greie».

Etter innspelinga av dette albumet turnerte The Jeff Beck Group i USA. Dei var meint å spele Woodstockfestivalen og stod på plakatane som marknadsførte hendinga, men på grunn av intern krangling i bandet og både Ronnie Wood og Rod Stewart ute av bandet, vart det ikkje slik.[5] Stewart og Wood vart med i Faces i 1969, medan Hopkins spelte på Woodstock med Jefferson Airplane, og vart med i Quicksilver Messenger Service. Seinre turnerte han verda over med The Rolling Stones i 1971, 1972 og 1973. Beck var sjølv ute ei lengre tid frå desember det året på grunn av ei bilulukke.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[6]
Rolling Stone(positiv) [7]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
The Village VoiceC–[9]

I ei melding i The Village Voice då albumet kom ut, var kritikaren Robert Christgau lite imponert av albumet og sa spøkefullt at Stewart og Beck hadde oppfordra til den overdrivne spelinga til Hopkins.[9]

Den 10. oktober 2006 gav Legacy Recordings ut ei nymastra utgåve av albumet med fire bonusspor, som ingen var gjevne ut før. Dette omfattar to tidlege forsøk av dei to Presley-songane, ein frå Abbey Road Studios i januar, og ein jam på «Sweet Little Angel» av B.B. King frå november året før med Waller i bandet, og ein song meint som singel av produsenten Mickie Most som aldri kom ut.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «All Shook Up»  Otis Blackwell, Elvis Presley 4:50
2. «Spanish Boots»  Ronnie Wood, Jeff Beck, Rod Stewart 3:34
3. «Girl from Mill Valley»  Nicky Hopkins 3:45
4. «Jailhouse Rock»  Jerry Leiber og Mike Stoller 3:14
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Plynth (Water Down the Drain)»  Hopkins, Wood, Stewart 3:05
2. «The Hangman's Knee»  Tony Newman, Beck, Hopkins, Stewart, Wood 4:47
3. «Rice Pudding»  Hopkins, Wood, Beck, Newman 7:22

Bonusspor på 2004-utgåva[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «Sweet Little Angel»  B.B. King 7:57
9. «Throw Down a Line»  Hank Marvin 2:54
10. «All Shook Up» (tidleg versjon)Blackwell, Presley 3:18
11. «Jailhouse Rock» (tidleg versjon)Leiber, Stoller 3:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.discogs.com/The-Jeff-Beck-Group-Beck-Ola/release/8778362
  2. UK Chart Stats retrieved 4. juli 2018 Arkivert 23. juli 2012 ved Archive.is
  3. Charles Shaar Murray. Beck-Ola, 2006 reissue, Legacy Recordings 82876 77351 2, liner notes.
  4. 4,0 4,1 Murray, Beck-Ola reissue liner notes.
  5. John Gray. Rod Stewart: The Visual Documentary. London: Omnibus Press, 1992, ISBN 0-7119-2906-8, p. 22.
  6. AllMusic review
  7. Gerson, Ben (9. august 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (39): 36. Henta 4. juli 2018. 
  8. Rolling Stone review
  9. 9,0 9,1 Christgau, Robert (15. januar 1970). «Consumer Guide (6)». The Village Voice (New York). Henta 4. juli 2018.