Bedfordshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bedfordshire
Bedfo.svg
Geografi
Status Seremonielt grevskap
OpphavHistorisk
Region Aust-England
Areal 1 235 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

602 500
487,9 /km²
Etnisitet 86,3 % kvite
8,3% sørasiatiske
2,9% svarte
Distrikt
2009 Bedfordshire Ceremonial Numbered.png
  1. Bedford
  2. Central Bedfordshire
  3. Luton

Bedfordshire er eig grevskap i England og ein del av regionen Aust-England. Grevskapet har kring 600 000 innbyggjarar.

Det grensar til Cambridgeshire i nordaust, Northamptonshire i nord, Buckinghamshire i vest og Hertfordshire i søraust.

Det høgaste punktet i grevskapet er Dunstable Downs på 243 meter over havet i Chilterns.

Det tradisjonelle kallenamnet på folket frå Bedfordshire er «Bedfordshire Bulldogs» eller «clangers». Det siste kjem frå ein lokal matrett som består av ein smultbolle fylt med kjøt eller syltetøy eller begge delar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet vart første gong nemnt i 1011 som Bedanfordscir, som tyder grevskapet (shire) Bedford, som igjen kjem av Beda's ford (vadestad).

Bedfordshire var historisk delt inn i ni herrad (hundred): Barford, Biggleswade, Clifton, Flitt, Manshead, Redbournestoke, Stodden, Willey, Wixamtree, samt kommunen (borough) Bedford.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]