Beeston Castle

Koordinatar: 53°07′40″N 2°41′29″W / 53.1277°N 2.6913°W / 53.1277; -2.6913
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beeston Castle
Del av Cheshire
Beeston, England

Ei moderne bru gjev ein tilkomst til porten i den indre delen av Beeston Castle
Beeston Castle is located in
Beeston Castle ()
Type Lukka slott
Koordinatar 53°07′40″N 2°41′29″W / 53.1277°N 2.6913°W / 53.1277; -2.6913
Bygd ca. 1220
Bygd av Ranulf de Blondeville
Byggmaterial Sandstein
Høgd 9 m
I bruk Opent for publikum
Øydelagd 1646
Noverande
tilstand
Ruin
Noverande
eigar
English Heritage
Hendingar Walisiske krigar
Den engelske borgarkrigen
Beeston Castle har ei imponerende plassering på ei bratt klippe.

Beeston Castle er ein slottsruin ved Beeston i Cheshire i England. Slottet står på ei 150 meter høg klippe over Cheshiresletta. Det vart reist frå 1225 av Ranulph dei Blondeville, 4. jarl av Chester etter at han kom heim frå krosstog. Ruinane er eigd av English Heritage, som held dei opne for publikum.

Forhistorie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne spor etter ei busetjing frå bronsealderen, datert til omkring 800 f.Kr, og eit fort frå jernalderen, omkring 400 f.Kr, på staden.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Slottet vart lagt på ein vanskeleg tilgjengeleg stad og designa slik at det både skulle vere ei uinntakeleg festning og eit tydeleg symbol på makta til jarlen. Forsvarsanlegget har to hovuddelar. Det eine er ei lita indre festning på topppen av klippa, med eit stupbratt fall på tre sider og ei forsvarsgrav på den fjerde. Det andre er ei ytre festning på den nedre delen av klippa, med eit massivt porthus og ei forsvarsgrav. I mellomalderen vart det passande nok omtalt i dokument som Castellum de Rupe, «Slottet på klippen».

Ulikt mange mellomalderslott har ikkje Beeston Castle eit massivt tårn eller ein festningsbygning som siste forsvarslinje. I staden blir dei naturlege forsvarsverka brukt kombinert med kraftige murar, sterke porthus og godt plasserte tårn. Det var truleg Ranulph sjølv om designa det; då han døydde i 1232 var det endå ikkje ferdig.

Kongeleg slott[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det meste av forsvarsverka var på plass då Ranulph døydde mangla det ein bustad for slottsherren. Slik var det òg då etterfølgjaren hans John de Scotia, 9. jarl av Huntingdon døydde i 1237. Han hadde ikkje nokon mannleg arving, og jarledømet Chester tilfalt difor krona. Henrik III valde å kontrollere det sjølv, i ein periode då det var krig mellom England og Wales. Det vart ikkje gjort noko forsøk på å få i stand ein bustad i slottet, og garnisonen heldt truleg til i trebygningar i den ytre festninga.

I 1254 gav kongen Beeston og andre område i Cheshire til sonen sin, prins Edward. Prinsen fekk òg tittelen jarl av Chester, som sidan har vore knytt til krona. Då Edward vart krona som Edvard I i 1272 fullførte han erobringa av Wales, og behovet for Beeston Castle vart mindre. Slottet vart likevel halde i god stand og utbetra under regjeringstida hans, og gjennom det 1300-talet.

1500-talet rekna ein ikkje lenger slottet som nyttig for krona, og det vart gjeve til den lokale godseigaren sir Hugh Beeston. Forsvarsverka vart neglisjert, og slottet byrja å forfalle.

Borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

den engelske borgarkrigen braut ut i 1642 vart mange forfalne slott teke i bruk som provisoriske festningar. Beeston vart teke av parlamentarianarane under sir William Brereton den 20. februar 1643. Murane vart reparert, og brønnen vart reinsa. Same år steig delar av den kongelege irske hæren i land i Chester. Den 13. desember 1643 sneik kaptein Thomas Sandford og åtte soldatar seg inn i Beeston på nattetid og overtalte parlamentarianarstyrken under kaptein Thomas Steele til å overgje seg, til trass for at dei hadde ein større styrke og gode murar. Steele vart seinare stilt for retten og skoten for dette.

Rojalistane heldt ut ei kringsetjing av slottet frå november 1644 til november 1645, men måtte då overgje seg fordi dei ikkje hadde meir mat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]