Before the Next Teardrop Falls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Before the Next Teardrop Falls
Singel av Freddy Fender
frå albumet Before the Next Teardrop Falls
Utgjeve Januar 1975
Innspelt 1974
Sjanger country, pop
Lengd 2:33
Selskap ABC-Dot Records 17540
Låtskrivar(ar) Vivian Keith, Ben Peters
Produsent Huey P. Meaux
Freddy Fender-kronologi
Before the Next Teardrop Falls «Wasted Days and Wasted Nights»
(1975)


«Before the Next Teardrop Falls» er ein amerikansk country- og popsong skriven av Vivian Keith og Ben Peters, og mest kjend i ein versjon av Freddy Fender.

Songhistorie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven i 1967 og er blitt spelt inn mange gonger. Songen fekk ein viss suksess med forskjellige artistar. Den første versjonen av Duane Dee nådde 44. plassen på Billboard si countryliste tidleg i 1968, og Linda Martell sin versjon nådde 33. plassen tidleg i 1970. Jerry Lee Lewis spelte inn ein versjon av songen i 1969 for albumet Another Place Another Time.[1]

I 1974 møtte produsenten Huey P. Meaux Fender for å spørre han om å legge vokal på eit instrumentalt spor. Fender gjekk med på det og song songen på to språk - første halvdelen av songen var på engesk, og den andre var på spansk.

«Innspelinga tok berre nokre minutt», sa Fender ein gong i eit intervju. «Eg var glad for å bli ferdig med han og tenkte det ville bli det siste eg høyrte til det.»[2]

Men «Before the Next Teardrop Falls» tok raskt av då han kom ut i januar 1975. Songen gjekk til topps på Billboard Hot Country Singles-lista i mars og låg to veker på toppen.[3] Deretter vart songen plukka opp av Topp 40-stasjonane og ikkje lenger etter låg singelen på toppen av Billboard Hot 100. Billboard rangerte songen som den fjerde beste for 1975.

«Before The Next Teardrop Falls» selde til gullplate for ein million selde eksemplar i USA hos Recording Industry Association of America.[4] Songen vart òg kåra til årets singel av Country Music Association i 1975, og var sterkt medverkande til at Fender vann prisen for årets album og årets mannelege vokalist.[5]

Songen vart nytta i filmen The Three Burials of Melquiades Estrada (2005) regissert av Tommy Lee Jones, som sjølv spelte hovudrolla.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Dolly Parton spelte seinare inn songen for albumet Treasures i 1996. Parton hadde med seg vokal av David Hidalgo, som song den spanske teksten.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 18
Canadian RPM Top Singles 6
Canadian RPM Country Tracks 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Singles 19
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 1
Australian Kent Music Report 1
New Zealand Singles Chart 2
Nederlandsk Topp 40 6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Another Place Another Time - Jerry Lee Lewis | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 23. august 2017. 
  2. Bill Janovitz. «Before the Next Teardrop Falls - Freddy Fender | Song Info». AllMusic. Henta 23. august 2017. 
  3. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 120. 
  4. [1] Mal:Webarchive
  5. «Homepage - 2015 CMA Awards». Cmaawards.com. Henta 23. august 2017.