Beginnings av Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Beginnings
Singel av Chicago
frå albumet The Chicago Transit Authority
B-side «Poem 58» (original 1969)
«Colour My World»
(1971-utgåva)
Utgjeve Oktober 1969
Juni 1971
Innspelt 27.-30. januar 1969
Sjanger Jazzrock, progressiv rock, folkrock
Lengd 7:54 (album)
2:47 (singel)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Robert Lamm
Produsent James William Guercio
Chicago-kronologi
«Questions 67 and 68»
(1969)
Beginnings «Make Me Smile»
(1970)
-kronologi
«Lowdown»
(1971)
Beginnings «Questions 67 and 68» /
«I'm a Man»
(1971)


«Beginnings» er ein song skriven av Robert Lamm for rockebandet Chicago og spelt inn for debutalbumet The Chicago Transit Authority, som kom i 1969. Lamm syng òg solovokal på songen. Songen var den andre singelen deira (etter «Questions 67 and 68»), men selde opphavleg dårleg.

Etter at bandet hadde hatt suksess med seinare singlar, vart «Beginnings» gjeve ut på ny i juni 1971 med «Colour My World» som B-side. Begge sidene vart radiohittar i USA og den kombinerte singelen klatra til sjuandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. «Beginnings» nådde toppen av Easy Listening-lista.[1]

Den akustisk gitaren vart opphavleg spelt av Chicago-gitaristen Terry Kath. På konsertane spelte Lamm gitar på denne songen, sjølv om han hovudsakleg spelte klaverinstrument for gruppa.

Den uredigerte albumversjonen av songen er 7:54 lang. Den originale singelen vart redigert ned til like under tre minuttar. Ein seinare versjon var like over seks minuttar lang og finst på samlablum. Berre The Heart of Chicago 1967-1997 inneheld den fulle, originale versjonen.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1974 vart «Beginnings» vart spelt inn av pianisten Gene Harris på Blue Note-albumet Astral Signal. Dette er ein av få gonger ein kan høyre Harris som solovokalist.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada RPM 8
U.S. Billboard Hot 100 7
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 1
U.S. Cash Box Top 100 [2] 11
WLS survey (Chicago) 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada 53
U.S. Billboard Hot 100 [3] 56
U.S. Cash Box [4] 58
WLS survey (Chicago) [5] 70

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]