Beiarfjorden

Koordinatar: 67°3′48.312″N 14°34′14.225″E / 67.06342000°N 14.57061806°E / 67.06342000; 14.57061806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°3′48.312″N 14°34′14.225″E / 67.06342000°N 14.57061806°E / 67.06342000; 14.57061806

Flyfoto av Beiarfjorden og Sandhornøya sett frå aust.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kjellingstraumen bru over Beiarfjorden

Beiarfjorden er ein fjordarm av Nordfjorden i Gildeskål kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 19 km austover til Tverrvika i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Røssnesodden i nord og Framnes i sør. Fjorden strekkjer seg austover frå Sandhornøya. Nordfjorden kjem frå nord, medan Holmsundfjorden går sørover langs austsida av øya. Litt lenger aust ligg Skålsvika på nordsida og Ytre og Indre Kjelling på sørsida. Her vert fjorden smalare og vert kalla Kjellingsundet. Fylkesveg 17 kryssar sundet via den 662 meter lange Kjellingstraumen bru.

På andre sida av sundet ligg øya Evja midt i fjorden. To smale sund går på kvar side av øya, Kroksundet på nordsida og Evjeosen på sørsida. Aust for øya går fjorden gjennom det samle Ferjesundet. Frå her går fjorden søraustover til Breidvika, før fjorden går austover igjen. På nordsida av fjorden litt lenger inne ligg Øynes og her svingar fjorden sørover og inn til botn av fjorden. Beiarelva munnar her ut i fjorden.

Riksveg 813 går langs vestsida heilt inst i fjorden.