Beiarkjeften

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°10′19.510″N 14°17′35.567″E

Flyfoto av Beiarfjorden og Sandhornøya. Sørenden av Beiarkjeften til venstre.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Beiarkjeften er ein fjordarm på sørsida av Saltfjorden i Gildeskål kommune og Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5,5 km sørover mellom Sandhornøya i aust og Straumsøya til Nordfjorden som held fram vidare sørover på austsida av øya.

Fjorden har innløp mellom Skårneset i vest og Rotodden i aust. Grenda Alsvik ligg like sør for Skårsneset på vestsida. På andre sida av fjorden går Ytre Sundan austover på sørsida av Straumøya. Fjorden endar i sør mellom Mulnesodden i vest og Rønneset i aust.