Beinkjør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Beinkjør er eit rock/punk band som vart starta i Lærdal i Sogn og Fjordane i 2000 av «Ronny Overtredelse» på vokal og «Børre Brudd» på gitar. Med seg hadde dei «Motorhåve» på trommer og «Inge N.» på bass. Seinare tok «Ronny Overtredelse» over bassen.

Bandet spelte inn tre plater på CD-R, delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pelsslaktarhus i perioden 2000 til 2002.

Sumaren 2002 flytta dei til Bergen for å prøve lukka i det harde punkmiljøet og rekrutterte ny trommeslagar, «Ottar Oppvigler» og bassisten «Frank Forelegg». Kort tid etter skulle bassen bli passert imellom «Kåre Kriminell», «Værste Duden», «Ragg», «Stash Bastard», «Bowitz», «Dennis Dealer», «Kåre Kriminell» atter ei gong og så til rytmegitaristen i Beinkjør.

Bandet spelte ei rekke konsertar rundtom i landet imellom 2002 til 2006. Det var ikkje før 2007 dei kom til å spele på festivalen Støy i Sogndal i januar og på festivalen Fres i Fresvik i august som ein tydeleg reaksjon på sjakktrekket bandet gjorde med å fri til sognepublikummet på låten «Såggning» som kom i omløp rundt sumaren 2006.

Plata Rock For Rus kom ut i 2008 med besetninga Overtredelse, Brudd, Oppvigler og Dealer. Blant «Såggning» og «Framtid i Lærdal» inneheldt plata tyske gloser, direkte engelske oversettingar, snodige punklåtar og ein coverlåt av E68, der teksten var skrive av den dåverande politimannen Kristen Olav Grøttebø.

I 2010 gjekk bandet i studio med ny leadgitarist og spelte inn ein slags temaplate om folket og livet i Lærdal og Indre Sogn. 15. november kom albumet Skot & Skrømt.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Knut alias Ronny Overtredelse - vokal
  • Jon E.S. alias Børre Brudd - gitar
  • Christopher alias Jahn Deigen - bass
  • Torbjørn Ringstad - elektrisk sologitar

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Motorhåve - trommer (førekom óg med Dei Nye Norske Vampyrane og med Pao Kantn Kaffidrikkjarlag under namnet Hammerhead)
  • Inge N. - bass (forsvann sporlaust)
  • Kåre Kriminell - bass (henta inn frå Candy Kings og Art Sabotage, spelar no i Krakow)
  • Værste Duden - bass (frå Tarmer og Quasimojo)
  • Ragg - bass (frå Bitches & Bastards og Freak Oi! Accident. Lærte settet på ein halvtime og steppa inn på ein konsert i Kjærrafossen)
  • Stash Bastard - bass (frå Teenage Highway)
  • Bowitz - bass (frå Seidel og Di Kjipe. Var med i omtrent ei veke)
  • Dennis Dealer - bass (Frå Tarmer og Svettlana & The Punkrock Trio)
  • Bassisten i Beinkjør - bass (frå Fjelg og Kaosgenerator)
  • Rytmegitaristen i Beinkjør - rytmegitar (frå Fjelg og Kaosgenerator)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vi Skal Storme Slottet EP CD (2000)
  • Radio Beinskjør Album CD (2001)
  • Faen Album CD (2002)
  • Rock For Rus Album CD (2008)
  • Skot & Skrømt Album CD (2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.