Beinmerg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Beinmarg)
Ei forenkla skisse av celler i beinmergen
Beinmerg kan moglegvis stamme frå den førhistoriske kjøtfinnefisken Eusthenopteron[1]

Beinmerg eller knokkelmerg (av lat. medulla ossium) er det fleksible vevet på innsida av knoklar. Hjå menneske vert raude blodlekamar produsert av beinmergskjerner i hovudet av lange knoklar i ein prosess kjent som hematopoese. Beinmerg utgjer omkring 4% av den totale kroppsmassen i menneske; eit vakse menneske som veg 65 kilogram har omkring 2,6 kilogram beinmerg. Den hematopoetiske komponenten av beinmerg lagar omkring 500 milliardar blodlekamar kvar dag, som brukar beinmergsblodkara som ei kanalisering for den systemiske sirkulasjonen i kroppen.[2] Beinmerg er òg ein nøkkelkomponent i lymfesystemet, og lagar lymfocyttane som støttar immunsystemet i kroppen.[3]

Beinmergstransplantasjon kan utførast for å behandle alvorlege sjukdommar i beinmergen, inkludert kreftformer som til dømes leukemi. Stamceller frå beinmergen har òg vorte omdanna til funksjonelle nerveceller,[4] og kan potensielt brukast for å behandle sjukdommar som til dømes inflammatorisk tarmsjukdom.[5]

Beinmerg finst i mange ryggbeinsdyr forutanom menneske. Dei fyrste fossile prova har ein funne i Eusthenopteron, ein kjøtfinnefisk som levde i Devontida omkring 370 millionar år sidan, og som har nært slektskap til tidlege firfotingar.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein lårbeinsepifyse med korteks av kompakt knokkelvev og medulla av trakulært knokkelvev. Raud beinmerg og ein sentral del av gul beinmerg er synleg.

Dei to typane av beinmerg er «raud beinmerg» (latin: medulla ossium rubra), som i hovudsak er samansett av hematopoetisk cellevev, og «gul beinmerg» (medulla ossium flava), som i hovudsak er samansett av feittceller. Raude blodlekamar, blodplater og dei fleste kvite blodlekamar oppstår i den raude beinmergen. Både den raude og kvite beinmergen inneheld mange blodårer og kapillærar. Etter fødselen er all beinmergen raud. Med alderen vert den i aukande grad omdanna til gul beinmerg; berre halvparten av beinmergen hjå vaksne er raud. Raud beinmerg finst i hovudsak i flate knoklar, som til dømes bekkenet, brystbeinet, hovudskallen, ribbeina, ryggvirvlane og skulderblada, og i det svampaktige materialet i epifysen av lange knoklar (røyrknoklar) som til dømes lårbeinet og overarmsbeinet. Gul beinmerg finst i beinmergshola (cavitas medullaris), den hòle innsida i midtpartiet av lange knoklar. Ved alvorleg blodtap kan kroppen omdanne gul beinmerg attende til raud beinmerg for å auke produksjonen av blodlekamar.

Stroma[endre | endre wikiteksten]

Stroma i beinmergen omfamnar alt cellevev som ikkje har direkte roller i primærfunksjonen til beinmergen, nemleg hematopoese. Gul beinmerg utgjer hovudmassen av stroma i beinmergen, i tillegg til mindre konsentrasjonar av stromale celler i den raude beinmergen. Sjølv om stroma ikkje er like involvert i hematopoese som parenkymal raud beinmerg, så dannar den likevel eit hematopoetisk mikromiljø som fasiliterar hematopoese av parenkymale celler. Dei genererer mellom anna kolonistimulerande faktorar, som har ei monaleg innverknad på hematopoese. Celletypar som utgjer stroma i beinmergen inkluderer:

Cellekomponentar[endre | endre wikiteksten]

Hematopoetiske prekursorceller: promyelocytt i midten og to metamyelocyttar attåt frå eit beinmergsaspirat.
Cellekomponentar i parenkymal raud beinmerg[7]
Gruppe Celletype Gjennomsnittleg
fraksjon
Referanseområde
Myelopoetiske
celler
Myeloblastar 0.9% 0.2-1.5
Promyelocyttar 3.3% 2.1-4.1
Nøytrofile myelocyttar 12.7% 8.2-15.7
Eosinofile myelocyttar 0.8% 0.2-1.3
Nøytrofile metamyelocyttar 15.9% 9.6-24.6
Eosinofile metamyelocyttar 1.2% 0.4-2.2
en: Neutrophilic band cells 12.4% 9.5-15.3
en: Eosinophilic band cells 0.9% 0.2-2.4
Segmenterte nøytrofilar 7.4% 6.0-12.0
Segmenterte eosinofilar 0.5% 0.0-1.3
Segmenterte basofilar og mastceller 0.1% 0.0-0.2
Erytropoetiske
celler
Proerytroblastar 0.6% 0.2-1.3
Basofile normoblastar 1.4% 0.5-2.4
Polykromatiske normoblastar 21.6% 17.9-29.2
Ortokromatiske normoblastar 2.0% 0.4-4.6
Andre
celletypar
Megakarocyttar < 0.1% 0.0-0.4
Plasmaceller 1.3% 0.4-3.9
Retikulære celler 0.3% 0.0-0.9
Lymfocyttar 16.2% 11.1-23.2
Monocyttar 0.3% 0.0-0.8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 Sanchez S, Tafforeau P and Ahlberg P E (2014) "The humerus of Eusthenopteron: a puzzling organization presaging the establishment of tetrapod limb bone marrow" Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences, 281 (1782): 20140299
  2. doi:10.1089/ten.teb.2009.0352
  3. The Lymphatic System. Allonhealth.com. Henta 5. desember 2011.
  4. «Antibody Transforms Stem Cells Directly Into Brain Cells». Science Daily. 22. april 2013. Henta 24. april 2013. 
  5. «Research Supports Promise of Cell Therapy for Bowel Disease». Wake Forest Baptist Medical Center. 28. februar 2013. Arkivert frå originalen 8. august 2017. Henta 5. mars 2013. 
  6. Raphael Rubin and David S. Strayer (2007). Rubin's Pathology: Clinicopathologic Foundations of Medicine. Lippincott Williams & Wilkins. s. 90. ISBN 0-7817-9516-8. 
  7. Appendix A:IV in Wintrobe's clinical hematology (9th edition). Philadelphia: Lea & Febiger (1993).