Beinn Eighe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beinn Eighe - Ruadh-stac Mòr
Munro, marilyn
Sgurr nan Fhir Duibhe, ein av toppane i Beinn Eighe
Land  Skottland
Topp Torridon Hills
 - høgd 1 010 moh.
 - Primærfaktor 632 m
Kart
Beinn Eighe
57°34′48″N 5°24′54″W / 57.58°N 5.415°W / 57.58; -5.415
Wikimedia Commons: Beinn Eighe

Beinn Eighe er eit kompleks fjellmassiv i Torridon i Dei skotske høglanda i Skottland. Det består av ein lang rygg med mange toppar, og fleire av dei har status som munroar.

Området ligg mellom Loch Maree og Glen Torridon på vestkysten av Skottland. To av toppane på Beinn Eighe har status som munroar. Ruadh-stac Mòr er 1010 meter over havet, medan Spidean Coire nan Clacher 993 meter over havet.

Nordsida av Beinn Eighe er eit nasjonalt naturreservat styrt av Scottish Natural Heritage. Det vart oppretta i 1951 og var det første i sitt slag i Storbritannia.[1] Reservatet er ei blanding av opent lyngheilandskap, skogsområde og myrer, og er finst fleire verna dyr som kronhjort, kongeørn og skogmår.

I tillegg området eit biosfærereservat under UNESCO.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]