Beistet i Gévaudan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei kunstnarisk framstilling av beistet

Beistet i Gévaudan (fransk La Bête de Gévaudan) var eitt eller fleire ulveliknande dyr som drap om lag 100 menneske i den tidlegare provinsen Gévaudan i Frankrike, frå sommaren 1764 til sommaren 1767. Denne hendinga spreidde skrekk i Gévaudan og lever framleis i fransk folkeminne, men vart aldri særleg kjend i utlandet. I 2001 laga Christophe Gans filmen Le Pacte Des Loups (Ulvenes klan), med ei personleg tolking av kva som kunne ha hendt.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lozères i Frankrike.

Gévaudan er eit fjellrikt og vanskeleg framkomeleg område i fjellområdet Central-Massif i det sørlege Frankrike. Det ligg for det meste innan det noverande departementet Lozère; litt av nordenden strekkjer seg inn i Haute-Loire. På 1700-talet var det eit av dei fattigaste områda i Frankrike.

Hundreåret byrja med det protestantiske camisardopprøret mot den katolske statsreligionen, der begge sider gjorde grumme og fæle ting. Så kom det ein epidemi som drap ein femtedel av folkesetnaden i regionhovudstaden Mende og halvparten av folkesetnaden i ein anna stor by, Marvejols. Klimaet var ustabilt, resultatet var dårlege avlingar og flaumar som øydela mykje av vegnettet. For å få mat måtte bøndene selje mange av sauene og kyrne sine, noko som på sikt auka armoda.

Hovudnæringa var landbruk, særleg sauehald, noko som kravde utstrekt bruk av gjetarar. Som i andre før-industrielle samfunn var det ungar og kvinner som stod for gjetinga. Dei var i ein utsett posisjon, talet på ulvar i Gévaudan auka kraftig fram mot 1764, berre mellom mai 1761 og mars 1762 vart det skote 700 av dei i området.

Camisardopprøret mot stat og kyrkje hadde skapt mistru mot styresmaktene, noko som nok er ein av forklaringane til at jakta på beistet fyrst førte fram etter 3 år. Bøndene hadde mellom anna forbod mot å eige skytevåpen, sjølv om det likevel var relativt vanleg å ha det. Den fiendtlege haldninga ovanfor myndigheitene kan òg ha ført til at drap gjorde av beistet ikkje vart rapportert inn, slik at talet på angrep kan vere høgare enn dei offisielle tala.

Gévaudan var eit område rikt på soger og myter, både om varulvar (loup-garou) og monster (une Béte). Dette påverka den lokale folkesetnaden sitt syn på det som hende. Enkelte vart mistenkte for å ale opp ulver for å rane vegfarande (meneurs de loups), dette er òg ei forklaring som har vorte gjenteken i moderne tid.

Skildring av beistet[endre | endre wikiteksten]

Ei anna framstilling av beistet

Det seier seg sjølv at menneske som vert utsette for ei så traumatisk oppleving som eit rovdyrangrep er, ikkje alltid er like pålitelege vitne, og skildringa av beistet varierer. Ei typisk framstilling er: Eit ulveliknande vesen på storleik med ei ku med eit breitt bryst, ein lang krøllete hale med ein løveaktig dusk på enden, eit greyhoundaktig hovud med store, framståande hoggtenner. Det er òg verdt å legge merke til at det kunne ta store hopp, nesten ti meter i lengde.

Drapa[endre | endre wikiteksten]

Drapa hende i eit område med ein radius på seks-sju mil, som er skilt av dei tverrgåande fjellkjedene Margeride og Montmouchet. Kombinert med dei dårlege vegane var det vanskeleg å fylgje beistet etter kvart angrep. Det fekk òg lett spelerom sidan gjetarane ofte var ungar som ikkje kunne forsvare seg.

Det fyrste drapet ein har kjelder om hende i den vesle landsbyen Les Hubacks, der den 14-årige Jeanne Boulet vart drepen 30. juni 1764. Det siste hende 18. juni 1767, då ein liten unge vart drepen.

62 av offera var kvinner, 38 menn. Over 30 av dei var ungar som gjeta.

Stort sett hende angrepa mot personar som var åleine og svake, men òg mot grupper av menneske og vaksne. Spesielt to episodar fekk stor merksemd:

I januar 1765 hadde sju unge gjetarar samla flokkane sine i La Coutasseire, leia av den tolvårige Jacques-André Portefaix. Av redsle for beistet hadde dei utstyrt seg med knivar og enkle spyd. Beistet kom plutseleg overraskande på dei, og sjølv om borna forsvarte seg klarte det å rive av delar av andletet på ein av gutane. Eldhuga av Portefaix klarte gjetarane ei stund å drive beistet vekk, men så kom det attende og beit ein av dei andre i andletet og prøvde å dra han vekk frå flokken. Dei tapre borna klarte til slutt å jage vekk beistet, og ingen omkom denne gongen. Som takk for motet sitt vart Portefaix sendt til militærakademiet i Bapaume på staten si rekning.

Den andre berømte episoden hende i Bessière i mars same år. Den 30-årige Jeanne Marlet var ute i hagen sin med dei tre yngste borna, då beistet hoppa over gjerdet og gjekk laus på dei. Mora prøvde så godt ho kunne å forsvare dei små, og ein heroisk kamp heldt fram i om lag ein halv time. Beistet fekk tak i ein av sønene på seks år, og drog han ut av hagen med eit kraftig bit rundt hovudet. Heldigvis kom to av dei eldre sønene til, og med hjelp av ein hund klarte dei å drive beistet vekk. Guten som beistet hadde drege av garde med fekk bite av nasen og overleppa, saman med den eine kjaken, og døydde tre dagar seinare. Kong Ludvig XV vart så gripen av historia om den tapre mora at han gav henne 300 livre som løn.

Det er verdt å leggje merke til at beistet brukte uvanlege drapsmetodar. Det såg ofte bort frå dei områda på kroppen som rovdyr gjerne går etter (føter eller strupe for å overmanne og drepe byttet), og konsentrerte seg i staden om hovudet som det knuste før det byrja å ete. Det hadde òg ein spesiell smak for menneske, og angreip ofte gjetarane i staden for husdyra som var lettare å få tak i. Nokre vitne hevdar å ha sett beistet saman med ein mann.

Biskopen kjem med eit hyrdebrev[endre | endre wikiteksten]

Gabriel-Florent de Choiseul-Beaupré hadde vore biskop av Mende sidan 1723, dette bispedømet omfatta òg Gévaudan. I si lange karriere hadde han gjeve viktige bidrag til å setje i gang utbygging av vegane i området, for å lette eksporten av den lokale landbruksproduksjonen (fyrst og fremst ull). Choiseul-Beaupré var tilhengjar av jansenismen, ei kristen retning som la vekt på menneskeleg forderv og predestinasjon. På den siste dagen i 1764 kom han med eit hyrdebrev om beistet, sterkt prega av jansenistisk tenking: Beistet var sendt av Gud på grunn av syndene til den lokale folkesetnaden, det hadde aldri kome dersom dei hadde levd rettferdig. Han minna om historier frå Det gamle testamentet der Gud sende plager og villdyr, og spurde foreldre som hadde mista born til beistet om dei ikkje fortente det som ei straff. Beistet ville verte drepe når Gud igjen såg på dei i nåde.

Hyrdebrevet hadde ein øydeleggjande effekt på moralen til enkelte, noko som førte til at dei tok unødvendige risikoar eller let vere å forsvare seg mot beistet. Heldigvis var det framleis mange som i staden valde å ta opp kampen.

Dusør for beistet[endre | endre wikiteksten]

Det var utlova ein dusør på over 9000 livre for den som klarte å uskadeleggjere beistet. Kongen bidrog med 6000 og biskopen 1000. Heile beløpet svara til verdien av 100 hestar.

Jakta[endre | endre wikiteksten]

I dei tre åra beistet terroriserte Gévaudan vart det jakta intenst på det, i meir eller mindre organiserte former. Fem jegerar fekk spesielt mykje merksemd:

  • Kaptein Duhamel fekk i september 1764 ordre om å jakte på beistet, saman med 57 dragonar. Han leia jakta som ein militæroperasjon, noko som gjorde at avdelinga etter kvart fekk eit anstrengt forhold til den lokale folkesetnaden. Han oppnådde ingenting, det viste seg at jakta kravde meir sluheit enn styrke og makt, og han vart avløyst i april 1765.
  • M. Denneval vart rekna som den største ulvejaktaren i Frankrike, og vart send til Gévaudan i februar 1765, saman med sonen sin. Heller ikkje dei fekk fatt i beistet, og vart beordra attende til Paris i juli 1765.
  • Jean-François Antoine de Beauterne var ein ven av og rådgjevar for kong Ludvig XV, og vart på hans personlege ordre send til Gévaudan i juni 1765. På same måte som Denneval drog han saman med sonen sin. 21. september 1765 fekk han vite at ein kjempeulv hadde vorte observert i Pommier-skogen ein kilometer nord for Sainte-Marie-des-Chazez, og drog dit med jaktfylgjet sitt. Fylgjet jaga ulven mot Antoine og dei stoppa 50 meter frå han. Antoine skaut mot ulven med ein kombinert ladning av ei muskettkule og mellom 30 og 40 ulvehagl. Ulven fekk kula i det høgre auget og hagla i den høgre aksla og sida, og fall. Rett etter klarte ulven å kome seg på føtene og angripe Antoine, som endå ikkje hadde rekt å lade om. Han ropte på hjelp, og nevøen Rinchard fekk endeleg ram på dyret med sin karabin. Ulven var over 1,8 meter lang og 65 kilo tung, med eit stort hovud og 3,5 cm lange klør, og vart utropt til å vere beistet etter at fleire av dei som hadde vortne angripne identifiserte han. Sonen drog til Versailles med ulvekadaveret. Diverre kom det meldingar om at menneske var vortne angripne av beist også etter dette, noko som kan tyde på at meir enn ein ulv har vore innblanda. Antoine forlét Gévaudan 3. november same år.
  • Markien av Apcher var berre 19 år då han i 1767 tok opp att jakta, saman med far sin, greven av Apcher. Beistet vart jaga av oppbodet hans, då den endelege avgjersla fann stad:
  • Jean Chastel var ein lokal innbyggjar i Gévaudan, som deltok i jakta saman med sønene Pierre og Antoine. 19. juni 1767 klatra han opp Montmouchetfjellet og tok post i 1240 meters høgde, på ein stad som heiter Sogne d'Auvers. Han høyrde at oppbodet til Apcher dreiv eit dyr mot han, og las ein litani for Jomfru Maria. Då han såg opp frå boka stod beistet 20 meter frå han. Chastel lukka bønneboka, la brillene i lomma og musketten til aksla. Beistet stod stille, og Chastel skaut to sølvkuler støypt frå ein Jomfru Maria-medaljong. Den siste kula trefte ulven i hjartet, og han døydde. Etter dette slutta angrepa, Chastel hadde fått til det store oppbodet ikkje hadde klart på tre år. Chastel fekk balsamert ulven og sendt den til Versailles, men balsameringa var amatørmessig utført. Då kadaveret kom til kongen var det gått i oppløysing og lukta forferdeleg. Kongen gav rasande beskjed om at det skulle gravast ned med ein gong.

Forklaringsmodellar[endre | endre wikiteksten]

Historia om beistet har frambrakt mange tolkingar av kva det var, meir eller mindre fantasifulle. Alle augevitne peikte på at det var ein (eller to) gråulvar, kanskje òg hybridar mellom ulv og hund. Men dette reiser òg spørsmål:

  • Kvifor klarte beistet å unngå dei store oppboda av jegerar som vart sette inn, medan hundrevis av andre ulvar fall?
  • Kvifor angreip beistet åleine, og ikkje i flokk som er vanleg for ulvar?
  • Kvifor angreip beistet menneske, når det var lettare bytte i nærleiken?
  • Kvifor brukte beistet drapsmetodar som er uvanlege for rovdyr?
  • Folk i distriktet var godt kjent med ulvar, og majoriteten av dei trudde ikkje det var ein ulv.

Ei anna forklaring er at nokon hadde alt opp ein eller fleire ulvar eller ulvehybrid som drapsvåpen mot menneske, eller på annan måte skaffa seg dei (sjå Gysingevargen). Ein må hugse på at det på denne tida framleis vart brukt hundar i krig, trena opp til å drepe menneske på ein rask og effektiv måte. Dersom ein eller fleire personar hadde grunn til å hate delar av den lokale folkesetnaden i Gévaudan, ville slike krigshundar vere eit vondkyndt våpen. Dette var eit samfunn fylt av indre motsetnader: Katolikkar mot protestantiske sekter, jansenistar mot jesuittar, adel mot bønder, familiar mot familiar - i eit slikt miljø er vegen frå hat til handling kort.

Tilhengjarar av denne teorien har peikt på Jean Chastel og sønene som moglege kandidatar, sidan faren fekk tak i ulven når andre ikkje klarte det, sidan familien alte opp hundar og det vart påstått at sonen Antoine hadde hatt eit dyr som likna svært på det faren skaut og sidan familien hadde eit generelt frynsete rykte i traktene.

Eit menneske?[endre | endre wikiteksten]

Det har òg vorte fremja ein teori om at det kan dreie seg om eit menneske som lei av hypertrikose, det vil seie unormal hårvekst – denne lidinga har vorte brukt som forklaring på varulvfenomenet av fleire folkloristikarar. Menneske med avvikande utsjånad vart tidlegare svært ofte utstøytte frå samfunnet, og dette kan ha ført til ynskje om å hemne seg ved å drepe dei som levde innanfor rammene i samfunnet. Det finst ingen bevis som peikar mot denne teorien, alle som opplevde angrepa skildra angriparen som eit firebeina dyr.

Brukt i kunsten[endre | endre wikiteksten]

  • Robert Louis Stevenson reiste gjennom området i 1878 og skildra legenda i boka Travels with a Donkey in the Cévennes (Reise med eit esel i Cevennene):

«For dette var landet til det ugløymelege BEISTET, Napoleon Bonaparte blant ulvar. For ein karriere han hadde! Han levde ti månader i eit friområde i Gévaudan og Vivarais; han åt kvinner og born og «gjetarjenter som var hylla for venleiken sin»; han jaga væpna menn til hest; han har vorte sett midt på dagen medan han forfylgde ei postvogn og sideryttar langs hovudvegen til kongen, og kusk og ryttar flykta framfor han i galopp. Han vart ettersøkt som ein politisk forbrytar, og ti tusen franc vart tilbode for hovudet hans. Og likevel, då han vart skoten og sendt til Versailles, sjå: Ein vanleg ulv, og til og med liten for å vere det.»

  • Den store diktaren frå Auvergne, Henri Pourrat skreiv om beistet i boka Histoire fidèle de la Bête en Gévaudan frå 1946. Han tek seg ein del diktarlege fridomar, og skriv at Antoine Chastel (som skulle ha alt opp ulvar) stod bak beistet, heilt til han vart stoppa av faren, Jean Chastel, då han vart religiøs.
  • Skrekkforfattaren Clark Ashton Smith vart inspirert til å skrive The Beast of Averoigne og andre noveller der handlinga er lagt til eit gamalt Auvergne.
  • Som allereie nemnt førte legendene rundt angrepa til filmen Le Pacte Des Loups (Ulvenes klan). Sjølv om den byggjer på den opphavlege historia, tok den seg mange fridomar for å verte endå meir underhaldande.
  • Ein noko meir nøyaktig versjon av dei historiske hendingane vart framstilt i fjernsynsfilmen La bête du Gévaudan frå Frankrike i 2003, fyrst vist av fjernsynskanalen ARTE i 2005, regissert av Patrick Volson.

Forsøk på ei kronologisk oversikt over angrepa[endre | endre wikiteksten]

Denne lista er laga ved å systematisere hendingar som er skildra i bokteksten til Thompson (referert under), det kan ha vore endå fleire angrep og drap som han ikkje omtalar.

Dato Stad Angripen Resultat
30. juni 1764 Les Hubacs Jeanne Boulet (14 år) Drepen
Masméjean-d'Allier Jente (15 år) Drepen
Slutten av august Chaudeyrac Gjetar (15 år) Drepen
Starten av september Pradels Gjetar Drepen
6. september Estrets Kvinne (36 år), angripen i hagen sin Drepen
16. september Choisinets Gjetargut Drepen
26. september Thorts Jente (12 eller 13 år) Drepen
7. oktober Apcher Kvinne (20 år) Drepen
8. oktober Pouget Jean Rieutort (15 år) Alvorleg skadd
10. oktober Caires Gut (15 år) Alvorleg skadd
10. oktober Bergounhous To brør (13 og 6 år) og systera (12) Ingen store skadar
19. oktober Grazières Kvinne (21 år) Drepen
25. november Buffeyrettes Catherine Vally (om lag 60 år) Drepen
15. desember La Fage Catherine Chastang (45 år) Drepen
Chanteloube Ung mann
20. desember Fau-de-Peyre Jente (12 år) Drepen
24. desember Chaulhac Ung gut Drepen
27. desember Ung gut Overlevde
Auzenc Martial Mathieu Drepen
Slutten av desember Saint-Chély Kvinne (om lag 20 år) Drepen
27. desember Boussefol Kvinne (om lag 20 år) Drepen
28. desember Saint-Martin-du-Born Ung jente Overlevde
1. januar 1765 Falzet Gut (16 år) Drepen
2. januar Mazel Jean Chateauneuf (14 år) Drepen
6. januar Saint Juéry Delphine Courtiol (vaksen kvinne) Drepen
6. januar Maurines Ung jente Drepen
Rieutort-d'Aubrac Ung kvinne Drepen
januar La Coutasseire Sju unge gjetarar Alle overlevde
14. januar Lescure Gut (13 år) Drepen
15. januar La Bastide Catherine Boyer (20 år) Alvorleg skadd
Saint Just Jente (14 år) Alvorleg skadd
17. januar Mazel Stor mann Uskadd, men med sjokkskadar
23. januar Chabanolles Jeanne Tanavelle (25 år) Drepen
23. januar Venteuges Barn (tre år), snappa frå ein lukka hage Drepen
30. januar Charmensac Ung jente Døydde på sjukehuset av skadane
1. februar Javols Gut (8 år), snappa framfor huset sitt Mindre skadar
9. februar Mialanettes Marie-Jeanne Rousset (12 år) Drepen
21. februar Aumont Bonavel (vaksen mann) Overlevde
22. februar Javols Barn Alvorleg skadd
23. februar La Molle Jente (18 år) Alvorleg skadd
28. februar Escures Vaksen kvinne og tenestejenta Skadde
28. februar Chabrier Jente (8 år), snappa i ei landsbygate Drepen
1. mars Fau-de-Brion Jente (8 år), angripen framfor huset sitt Døydde av skadane
4. mars Ally Kvinne (om lag 40 år) Drepen
8. mars Fayet Jente (10 år) Drepen
9. mars Ligonès Sterk kvinne (om lag 30 år) Drepen
11. mars Malaveillettes Marie Pougnet (3 år), snappa framfor huset sitt Drepen
13. mars Albaret-Sainte-Marie Ung gut, snappa framfor huset sitt Lettare skadd
mars Bessière Jeanne Marlet med ungane sine, angripen i hagen Ein av sønene døydde av skadane
mars Chanaleilles Gut Drepen
18. mars Gut Slapp unna utan særlege skadar
20. mars Gut (10 år) Drepen
25. mars To menn og ei kvinne Slapp unna
29. mars Cheylaret François Fontugne (9 år) Drepen
29. mars Gjetargtt Slapp unna
3. april Bergounhoux Jacques Gibilin (10 år) Drepen
4. april Mézéry Dauphine Annez (13 eller 14 år) Drepen
5. april Donnepau Fire ungar Ein av ungane vart drepenn
7. april La Clauze Gabrielle Pelicier (16 år) Drepen
april Chaudeyrac Jente Drepen
18. april Besset Martial Charrade (13 år) Drepen
19. april Paulhac Barn Drepen
22. april Couffours Gut (15 år) og jente (12 år) Guten skadd
29. april Auvers Jente (12 år), snappa framfor huset sitt Drepen
2. mai Pepinet Kvinne (over 50 år) Drepen
4. mai Chantelouve Gjetarjente (14 år)
mai Nozeyrolles Kvinne (17 år) Drepen
mai Besset Jente (13 år) Drepen
7. mai Cheminades Gjetargut Slapp unna
11. mai Tenazeyre Fire gjetargutar (10 til 14 år) Slapp unna
19. mai Servilange Kvinne (45 år) Drepen
21. mai Mazeirac Spedbarn, snappa i landsbyen Uskadd
24. mai Julianges Marguerite Martin (20 år) Døydde av skadane
24. mai Marcillac Marguerite Boney (18 år) Slapp unna
24. mai Saint-Privat-du-Fau Tenestejente Slapp unna
mai Amourettes Gut (11 år) Slapp unna
mai Marie Valès (13 år) Drepen
1. juni Nozeyrolle Gut (12 år) Drepen
1. juni Lair Jeanne Hugon (11 år) Drepen
20. juni Saugues Barn (8 år) Drepen
21. juni Pepinet Gut (12 år) Drepen
21. juni Sauzet Kvinne (i 40-åra) Drepen
21. juni La Pause Jente (10 år) Slapp unna
21. juni Tombebis Bror og syster Slapp unna
2. juli Malzieu Postmann og assistent Slapp unna
4. juli Broussolles Marguerite Oustallier (68 år) Drepen
4. juli Julianges Ung jente Slapp unna
10. juli To nonner Slapp unna
22. juli Auvers Claude Biscarrat (9 år) Drepen
27. juli Servières Pierre Roussel (4 år) Alvorleg skadd
9. august Pompeyrenc Jeanne Anglade (16 år) Drepen
11. august Paulhac Marie-Jeanne Valet (19 år) Slapp unna
2. september Diège Kvinne (22 år) Slapp unna
8. september La Vachelerie Marie-Jeanne Barbier (12 år) Drepen
11. september Mellom Saint-Flour og Paulhac 3 vaksne menn Slapp unna
12. september Pinols Jean Teissèdre og ein annan gut Alvorleg skadde
13. september Besseyre-Saint-Mary Jente (13 år) Drepen
17. september Pommier Jeanne Valette og barn Slapp unna
21. september Det «fyrste beistet» vart drepe
2. desember Besseyre-Saint-Mary Vidal Tourneix (6/7 år) og Jean Couret (13/14 år) Skadde
9. desember Lachamp To kvinner Skadde
desember Paulhac Ung mann Skadd
21. desember Marcillac Agnès Mourgues (11 år) Drepen
22. desember Julianges Gjetarjente (12 år) Drepen
15. februar 1766 Badouille Jeanne Delmas Skadd
4. mars Montchauvet Jean Bergougnoux (gut) Drepen
mars Ligonès Marie Bompard (8 år), snappa utanfor huset sitt Drepen
21. mars Jean-Pierre Pourcher og ein annan vaksen mann Slapp unna
17. april Pauze Marguerite Lèbre (6 år) og systera (10 år) utanfor huset deira Marguerite døydde av skadane
24. april Meynial Gjetar
31. mai Buffat Broren til Jean Teissèdre (12. sept. året før) (10/11 år) Drepen
3. juni Lescoussousses Jente Alvorleg skadd
28. august Auvers Jente (13 år) Drepen
12. september Broussous Jean-Pierre Cellier (gut) Drepen
1. november La Souchêre Jean-Pierre Ollier (12 år) Drepen
2. mars 1767 Servières Marie Plantin (11 år) Drepen
28. mars Darnes Marie-Anne Pascal (9 år) Drepen
4. april Besseyre-Saint-Mary Jeanne Paulet (15 år) Drepen
7. april Nozeyrolles Louis Soulier Drepen
10. april Saint-Privat-du-Fau Étienne Loubat (9 år) Drepen
13. april Bugeac Anne Blanc Drepen
16. april Menial Thérèse Paulet Drepen
30. april Nozeyrolles Rose de la Tallère Drepen
5. mai Mont Marie Bastide (48 år) Drepen
5. mai Nozeyrolles Catherine Coutarel Drepen
16. mai Besseyre-Saint-Mary Marie Denty Drepen
26. mai Sauzon Joseph Meyronnenc (15 år) Drepen
27. mai Nozeyrolles André Hugon Drepen
mai La Roche Kvinne i 40-åra Drepen
12. juni Couffours Catherine Chautard Drepen

Det er to underlege ting med lista:

  1. Etter at «det fyrste beistet» vart skote tok det nesten to og ein halv månad før «det nye» byrja å drepe (att). Det kan skyldast at det var ein ungulv (kanskje barn av det fyrste beistet), eller at menneske hadde alt opp det fyrste, og trengde tid på å ale opp ein «reserve».
  2. Det var ein lang pause i drapa frå 1. november 1766 til 2. mars 1767, dette kan sjølvsagt skuldast at arkiva for perioden har gått tapt.

I dei tilfella der dei angripne overlevde, kom det enten rask hjelp til eller dei klarte å forsvare seg.

Når ein les denne tapslista kan ein tenkje seg kor fulle av skrekk dei unge jentene og gutane var som måtte ut og gjete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abbé Pourcher: Histoire de la Bête du Gévaudan. (Eige forlag) 1889
    Pourcher (1831-1915) var ein lokal prest og etterkomar av personar som hadde vore involvert i beistet. Heile livet samla han materiale om det, og gjekk ein gong fram og tilbake til Paris til fots for å sjekke opplysningar i eit arkiv der. Han sat sjølv, trykte, batt og gav ut boka, som er på over tusen sider.
  • Richard H. Thompson: Wolf-Hunting in France in the Reign of Louis XV, The Beast of the Gévaudan ISBN 0-88946-746-3
  • Robert Louis Stevenson: Travels with a Donkey in the Cévennes, 1879 (www.gutenberg.org/etext/535)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Beistet i Gévaudan