Beit Einun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit Einun
بيت عينون, Beit 'Einun, Bayt 'Anun, Khirbet Abu Rish, Bayt Aynun
kommune
Namneopphav: Kh. Beit ’Ainûn, ruinane av ’Ainûn-huset[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°33′54″N 35°07′44″E / 31.565°N 35.1288°E / 31.565; 35.1288
Folketal 1 809  (2007)
Kart
Beit Einun
31°33′54″N 35°07′44″E / 31.565°N 35.1288°E / 31.565; 35.1288

Beit Einun eller Bayt 'Anun (arabisk بيت عينون) er ein palestinsk landsby i Hebron guvernement, fem kilometer nordaust for Hebron sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 1 809 innbyggjarar i 2007.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Einun er identifisert som den bibelske Beth-anoth.[2][3] Staden vart busett under bysantinsk styre i Palestina.[4] Det vart bygd tre kyrkjer nær sentrum av byen ein gong mellom 400- og 500-talet.[4] Murane er bygde slik at dei truleg må ha blitt ombygd i krossfarartida. Utgravingar har avdekt eit mosaikkgolv i hovuddelen av kyrkja frå den bysantinske tida.[5] Andre funn frå denne tida er to cisterner, to vinpresser og fleire graver.[4][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 397
  2. Mal:Bibelenverse
  3. Conder og Kitchener, 1883, s. 311
  4. 4,0 4,1 4,2 Khirbet Abu Rish (Beit 'Anun) Magen - Y. Baruch
  5. palestinsk sites: Beit 'Einun Village - Hebron Arkivert 2007-03-10 ved Wayback Machine. Jerusalem Media and Communications Centre. Accessed on 2008-03-30
  6. Pringle, 1997, s. 26

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]