Beit HaShita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°33′15″N 35°26′15″E
Beit HaShita
kibbutz
Kibbutz Beit Hashita1950.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Aust-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°33′15″N 35°26′15″E
Grunnlagd 4. desember 1928
 - Grunnlagd av Kvutzat HaHugim/Tnuat HaMahanot HaOlim-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit HaShita
Nettstad: www.beithashita.org.il

Beit HaShita (hebraisk בֵּית הַשִּׁטָּה, tyder Akasiehuset) er ein israelsk kibbutz som ligg mellom Afula og Beit She'an.

Beit Hashita ligg 50 meter under havnivå og høyrer til Gilboa regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit HaShita vart grunnlagd den 4. desember 1928 av medlemmar frå «Kvuzat HaHugim», som igjen var ein del av HaMahanot HaOlim-rørsla frå Haifa og Jerusalem. Kibbutzen vart kalla opp etter den bibelske byen med same namn, der midianitane flykta frå etter dei vart slått av Gideon (Domarane 7:22),[1][2] og låg truleg i nærleiken.

Elleve kibbutz-medlemmar fall i Jom kippúr-krigen i 1973, den største prosentdelen av folketalet av alle busetnadane i Israel.

Kibbutzen har blitt privatisert og har i dag eit folketal på kring 1 000. Mange av familiane er sekulære, og kibbutzen er derfor rekna som ein sekulær kibbutz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.110 , ISBN 965-220-186-3 (English)
  2. Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol.8: The Northerndalens, Samaria and Karmelberget, Jerusalem 1980, Keter Press, s.401 (hebraisk)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]