Beit Hanania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°31′43.67″N 34°55′36.11″E
Beit Hanania
kibbutz
Beyt-Hananiya-aqueduct-800.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Karmelberget
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Hof HaCarmel
Koordinatar 32°31′43.67″N 34°55′36.11″E
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av PICA og austeuropeiske emigrantar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Hanania

Beit Hanania (hebraisk skrift בֵּית חֲנַנְיָה, tyder Hananiahuset) er ein moshav nord i Israel. Han ligg like sør for Karmelberget nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 687.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av Palestina Jewish Colonization Association (PICA) og emigrantar frå Aust-Europa. Han vart kalla opp etter Hanania Gottlib, ein leiar i PICA.

Israel nasjonalsti går gjennom moshaven. Ein akvedukt bygd i tida til Hadrian ligg ved inngangen til landsbyen, medan Taninimelva naturreservat ligg i nærleiken. Taninimelva flyt gjennom parken, som er kalla opp etter alligatorar (hebraisk skrift תנינים, Taninim) som fram til byrjinga av 1900-talet heldt til i den nærliggande Cabra-sumpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]