Beit Imrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit Imrin
بيت امرين, Bayt Umrin
kommune
Namneopphav: Prinsessehuset, Imrinhuset[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°17′32.03″N 35°12′55.97″E / 32.2922306°N 35.2155472°E / 32.2922306; 35.2155472
Areal 12,1 km²
Folketal 2 821  (2007)
Folketettleik 233 / km²
Borgarmeister Basheer Samarah
Kart
Beit Imrin
32°17′32″N 35°12′56″E / 32.292230555556°N 35.215547222222°E / 32.292230555556; 35.215547222222
Wikimedia Commons: Beit Imrin

Beit Imrin (arabisk بيت امرين) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 18 kilometer nordvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde landsbyen eit folketal på 2 821 innbyggjarar i 2007.[2]

Beit Imrin er ein jordbrukslandsby som produserer korn, grønsaker, oliven, druer, mandlar og fiken.

Byen Sebastia ligg i sørvest, landsbyane Ijnisinya og Nisf Jubeil i sør, Burqa i nordvest og Yasid i aust.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Imrin vart grunnlagd av arabarar frå den nærliggande Burqa og Bani Hassan-stamma aust i Jordan, som òg var busett i Qarawat Bani Hassan.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1517 vart Beit Imrin ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina. I 1596 var han oppført i osmanske skattelister som «Bayt Imrin», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på ni hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[4]

Seint på 1800-talet estimerte Victor Guérin at Beit Imrin hadde 700 innbyggjarar,[5] medan han i 1882 vart skildra som «ein mellomstor landsby i dalen ved foten av Sheikh Beiyzid-fjella. Han er bygd av stein, og har ei kjelde i dalen i sør, og oliven kring seg i aust og vest. Somme av innbyggjarane er gresk-ortodokse.»[6]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Beit Imrin eit folketal på 527, 15 kristne og 512 muslimar.[7] Folkesetnaden auka i 1931 til 620, av dette 13 kristne og 607 muslimar, i totalt 157 busette hus.[8]

I 1945 var folketalet 860, alle arabarar, med 12 094 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 1 442 mål for plantasjar eller irrigert land, 6 819 for korn,[10] medan 53 mål vart utbygd land.[11]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 kom Beit Imrin under Jordan sitt styre. I 1967, etter seksdagarskrigen, vart landsbyen okkupert av Israel, og same året var folketalet 1 100.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer 1881, s. 180
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
  3. About Beit Imrin Arkivert 2008-12-03 ved Wayback Machine. Beit Imrin Village Council.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 130.
  5. Guerin, 1875, s. 210-211
  6. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 159
  7. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 24
  8. Mills, 1923, s. 60
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155
  12. Perlmann, Vol 1, Tab 2: Beit Umrin

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]