Beit Jala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 31°42′53.82″N 35°11′13.60″E
Beit Jala
بيت جالا, Bayt Jala
kommune
none  Beit Jala frå Gilo
Beit Jala frå Gilo
Namneopphav: Grasteppe
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°42′53.82″N 35°11′13.60″E
Areal 13,0 km²
Folketal 11 758 (2007) [1]
Folketettleik 904 / km²
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Jalla
Nettstad: www.beitjala-city.org

Beit Jala (arabisk بيت جالا) er ein palestinsk, kristen by i Betlehem guvernementVestbreidda. Beit Jala ligg 10 km sør for Jerusalem, på vestsida av Hebronvegen, ovanfor Betlehem, 825 meter over havet. I 2007 hadde Beit Jala 11 758 innbyggjarar i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå. Kring 75 % av folkesetnaden var kristne (hovudsakleg gresk-ortodokse) og kring 25 % muslimar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet var Beit Jala ein stor landsby med kristne og muslimske bønder.[2] Mot slutten av 1500-talet var nesten alle innbyggjarane i Beit Jala kristne, med eit folketal på 239 kristne menn og seks muslimske menn.[3] Landsbyen produserte meir kveite og bygg en områda rundt. Beit Jala betalte skatt for dette, i tillegg til fiken, honning, og geiter. Han hadde ein av seks olivenpresser i Jerusalem-distriktet på 1500-talet.[4]

Innbyggjarane i Beit Jala deltok i bondeopprøret i Palestina i 1834 mot Ibrahim Pasha, den egyptiske guvernøren i Syria. Ein meinte at innbyggjarane hadde teke del i plyndringa av egyptisk eigedom, og 31. mai gjekk egyptiske soldatar til åtak mot landsbyen. Ibrahim Pasha stoppa åtaket, men minst 33 menn og kvinner vart drepne. I tillegg vart alle dyra i landsbyen fjerna. Åtaket mot Beit Jala førte til opprør frå Ta'amira-stamma, ei lokal beduin-stamme, som gjekk inn i Betlehem for å hjelpe til med forsvaret der.[5]

I 1952 gjekk Det israelske forsvaret til eit hemnåtak mot Beit Jala, der sju sivile vart drepne og det vart klaga på at Israel hadde brote våpenkvileavtalen. Dei sameinte nasjonane sin organisasjon for overvaking av våpenkvile fordømde Israel for å ha brote avtalen.[6]

Den palestinske sjølvstyresmakta tok kontroll over byen etter Osloavtalen i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  2. Singer, s. 34-35.
  3. Singer, 2002, s. 80
  4. Singer, s. 81-82.
  5. Thomson, 1860, s. 647.
  6. E H Hutchison “Violent Truce” A Military Observer Looks at arabarane-israelske Conflict 1951 1955

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]