Beit Kama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°26′44.12″N 34°45′37.96″E
Beit Kama
בֵּית קָמָה
kibbutz
Beit Qama.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°26′44.12″N 34°45′37.96″E
Grunnlagd 18. april 1949
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Kama

Beit Kama (hebraisk skrift בֵּית קָמָה, tyder Akse-huset) er ein kibbutz nord i Negevørkenen i Israel i Bnei Shimon regionale kommune.

Beit-Kama er ein sekulær kibbutz som har bevart samarbeidsforma innan dei fleste område. Han har tradisjonelt høyrt til organisasjonen «Hakibbutz Ha’artzi» og «Hashomer Hatzair» rørsla. Staden ligg 20 minuttars køyring frå Beersheba, og kring ein time frå Tel-Aviv og Jerusalem.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd den 18. april 1949 på landområdet til den kristne, arabiske landsbyen al-Jammama, som vart teken under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1][2][3] Grunnleggjarane av Beit Kama var immigrantar frå Ungarn som høyrte til Hashomer Hatzair-rørsla.

Busetnaden vart først kalla Safiach. Det noverande namnet kjem frå Jesaja 17:5: «Det blir som når ein haustar korn og handa samlar kornet og skjer av aksa.»[4]

Panorama av Beit Kama

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khalidi, Walid (1992). All that remains: the palestinsk Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948. IPS. s. 73–74. ISBN 978-0-88728-224-9. 
  2. Bagatti, Bellarmino (2002). Ancient Christian Villages of Judea and the Negev. Franciscan Printing Press. s. 149. ISBN 978-965-516-046-8. 
  3. Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisisted. Cambridge University Press. s. xvi, xx, xxii. ISBN 978-0-521-00967-6. 
  4. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.113 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)