Beit Mery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit Mery
بيت مري
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 800 moh.
Koordinatar 33°51′56″N 35°35′43″E / 33.8656°N 35.5953°E / 33.8656; 35.5953
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961-4
Kart
Beit Mery
33°51′56″N 35°35′43″E / 33.8656°N 35.5953°E / 33.8656; 35.5953
Wikimedia Commons: Beit Mery

Beit Mery (arabisk بيت مري) er ein libanesisk by oppom hovudstaden Beirut. Byen har vore ein feriestad om sommaren sidan fønikarane og seinare romarane. Namnet kjem frå arameisk og tyder «Huset til herren min». På ein av dei tre åsane kring Beit Mery (sør for byen) ligg ruinane av gamle fønikiske og romerske tempel. I dag står ei kyrkje og eit kloster over den øvre delen av det gamle romerske tempelet.

Kvar vinter vert den årlege Al Bustan-festivalen halde her,[1] med internasjonale drama- og dansegrupper, i tillegg til orkester og kammergrupper.

Innbyggjarane i Beit Mery er hovudsakleg kristen (maronittar, gresk-ortodokse, gresk-katolikkar, armensk-ortodokse) og drusarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]