Beit Sirik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit Surik
بيت سوريك, Beit Surik, Beit Sourik
kommune
Beit Surik
Namneopphav: Surik-huset[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jerusalem guvernement
Koordinatar 31°49′28″N 35°08′55″E
Folketal 3 818  (2006)
Kart
Beit Sirik
31°49′28″ N 35°8′55″ E
Wikimedia Commons: Beit Surik

Beit Surik (arabisk skrift بيت سوريك, hebraisk skrift בית סוריכ) er ein palestinsk landsby i Jerusalem guvernement, 12 kilometer nordvest for Jerusalem nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 818 in 2006.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Surik ligg på ein eldgammal stad på toppen av ei høgd. Ein har funne fragment av korintiske søyler, og eit mosaikkgolv, med ein inskripsjon på gresk. Ein tabula ansata vart delvis graven ut av LH Vincent i 1901.[3]

Landsbyen vart kalla Beit Surie i krossfarartida. Han var ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[4][5]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 21 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer, frukttre, druesirup, melasse og geiter og/eller bikubar.[6]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og noterte «ein vakker oldtidsmur», med fleire lag, danna av store steinar.[7]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Surik som ein «liten steinlandsby på ein åstopp. I aust ligg ein flag dal med ei kjelde, sitroner og andre tre. Staden verkar gammal, og har graver hogde ut i berget nær kjelda.»[8]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Bait Suriq eit folketal på 352; alle muslimar,[9] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 87 hus og eit samla folketal på 432, framleis alle muslimar.[10]

I 1945 var folketalet 480, alle arabarar, medan det samla landarealet var 6 879 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 581 for plantasjar og irrigert land, 1 827 for korn,[12] medan 33 mål var klassifisert som utbygde område.[13]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Natt til 19. april 1948 vart landsbyen angripen av Palmach.[14]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, hamna Beit Surik under Jordan sitt styre. Etter seksdagarskrigen i 1967, har Beit Surik vore under israelsk okkupasjon.

Beit Surik dannar i lag med Biddu, Beit Duqqu, Beit 'Anan, Qatanna, al Qubeida, Beit Ijza, Kharayib Umm al Lahimand og Tira «Biddu-enklaven», som ligg på vestsida av sperremuren på Vestbreidda.[15][16][17][18][19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 287
  2. Projected Mid -Year Population for Jerusalem guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.
  3. Dauphin, 1998, s. 897
  4. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11, 16
  5. de Roziére, 1849, s. 102: Bethsurie; s. 263: Bethsurie; s. 303: "in cujus territorio fundata est villa, quae dicitur Parva Mahumeria"; all sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16-17, No 74
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 119
  7. Guérin, 1868, s. 362
  8. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 16
  9. Barron, 1923, Subdistrict of Jerusalem, s. 15
  10. Mills, 1932, s. 38.
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 56
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 102
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 152
  14. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.112 158.
  15. OCHA
  16. Humanitarian Events, Monitoring issues
  17. Barrier March 2004 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. oktober 2009, henta 29. september 2015 
  18. BADIL Barrier Report (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 9. desember 2008, henta 29. september 2015 
  19. Barrier route July 2008 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. desember 2016, henta 29. september 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]