Beit Ummar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°37′17″N 35°06′08″E
Beit Ummar
بيت اُمّر, Bayt Ummar, Beit Omar
kommune
BeitUmmar.JPG
Beit Ummar, in 2011
Namneopphav: Ummarhuset[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°37′17″N 35°06′08″E
Folketal 13 348 (2007)
Borgarmeister Nasri Sabarna
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Ummar

Beit Ummar (arabisk بيت اُمّر) er ein arabisk by, 11 km nordvest for Hebron i Hebron guvernement.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen i 2007 eit folketal på 13 348 innbyggjarar.[3] Sidan den andre Intifada har arbeidsløysa vore mellom 60 til 80 %, hovudsakleg fordi mange innbyggjarar tidlegare arbeidde i Israel.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at Beit Ummar er den bibelske landsbyen Maarath.[5] I følgje somme segner vart byen kalla opp etter den islamske kalifen Umar ibn al-Khattab fordi han visstnok ofte vitja byen. Mange av dei hovudsakleg muslimske innbyggjarane er etterkomarar etter arabiske kristne familiar og i gamlebyen er det fleire kristne ruinar.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde kring 450 innbyggjarar.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Beit Ummar som «ein liten landsby som er lett synleg frå langt mot nord. Det går ein eldgammal veg gjennom han. Kring 1 km nordaust for landsbyen ligg ei god kjelde, ' Ain Kufin. Moskeen har eit lite tårn ved sidan av. Det kringliggande nabolaget er dekt med kratt.»[7]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bait Ummar eit folketal på 829, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1 135, framleis berre muslimar, i 217 busette hus.[9] I 1945 var folketalet i Beit Ummar 80 jødar og 1 600 arabarar, som eigde 30 129 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] 2 912 mål var plantasjar og irrigert land, 12 879 for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 389
  2. Beit Ummar: Town Statistics and Facts
  3. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  4. Beit Omar Background
  5. Armstrong, 1889, s.119
  6. Guérin, 1869, s. 298
  7. Conder og Kitchener, 1883, s. 303
  8. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10. 
  9. Mills,1932, s. 27
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]