Beit Ur al-Tahta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°53′42″N 35°05′01″E
Beit Ur al-Tahta
بيت عور التحت, Bayt Ur at-Tahta
kommune
Beit Ur al-Tahta1.jpg
Beit Ur al-Tahta, mellom 1950 og 1977.
Namneopphav: Det nedre Ur-huset[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°53′42″N 35°05′01″E
Folketal 4 372 (2007)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Ur al-Tahta

Beit Ur al-Tahta (arabisk بيت عور التحتى) er ein palestinsk landsby i Separasjonssonen sentralt på Vestbreidda, i Ramallah and Al-Bireh guvernement. Landsbyen ligg på staden til den bibelske Bethoron, på ein åstopp vendt mot Beit Ur al-Foqa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Beit Ur at-Tahta eit folketal på 4 372 innbyggjarar i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

I januar 2001 vart det oppdaga ei gravgrotte i sørenden av landsbyen. Grotta bestod av to kammer og hadde ein boga inngang. Inne i grotta fann ein fleire keramikkbitar, eit kokekar, ein bolle og eit beger datert til slutten av tida kring Det andre tempelet (hundreåra kring år null).[3]

Vest for landsbyen ligg ruinane av eit kapell, truleg frå bysantinsk tid,[4] og her har ein òg funne keramikk frå same periode.[5] Staden vart nemnt på 1100-talet som eit len under Den heilage grav-kyrkja.[6]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1596 var landsbyen oppført i osmansk skattelister under namnet Bayt 'Ur as-Sufla og var ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 20 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og/eller bikubar.[7]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit 'Ur et Tahta som «ein mellomstor landsby på ei låg høgd med brunnar i vest. Midt i landsbyen ligg den heilage staden Neby 'Or, med palmetre på borggarden. Nær denne er ein brunn i gata.[6]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, Beit Ur al-Tahta eit folketal på 470, alle muslimar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 117 busette hus og eit folketal på 611, framleis alle muslimar.[9]

I 1945 var folketalet 710, alle arabarar, medan det samla landarealet var 4 619 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 2 045 for plantasjar og irrigert land, 1 780 for korn,[11] medan 41 mål var klassifisert som utbygde område.[12]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Beit Ur al-Tahta ligg i forberga nord på den sentrale Vestbreidda, 11,4 kilometer vest for Ramallah. Landsbyen ligg i snitt 390 meter over havet. I nærleiken ligg Kharbatha al-Misbah i sør, Beit Ur al-Fauqa i søraust, Beitunia i aust, Ein 'Arik og Deir Ibzi i nordaust, Kafr Ni'ma i nord, Bil'in i nordvest, Saffa i vest og Beit Sira i sørvest.[13] Det gamle senteret i Beit Ur al-Tahta ligg i sør i landsbyen, medan den nordlege delen er prega av vide terrassar med fleire arkeologiske funn.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 287
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  3. Excavation and Surveys in Israel: Israel Antiquities Authority
  4. Conder and Kichener, 1883, s. 86
  5. Dauphin, 1998, s. 839.
  6. 6,0 6,1 Conder og Kitchener, 1883, s. 17
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117.
  8. Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh
  9. Mills, 1932, s. 47.
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
  13. Beit ‘Ur at Tahta Village Profile. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2012.
  14. Finkelstein and Lederman, 1997, s. 161.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]