Beit Yashout

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 35°19′1″N 36°7′49″E
Beit Yashout
بيت ياشوط
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Jableh-distriktet
Nahiyah Beit Yashout
Høgd 500 moh
Koordinatar 35°19′1″N 36°7′49″E
Folketal 6 115 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Yashot

Beit Yashout (arabisk بيت ياشوط) er ein by nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, sør for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Ayn al-Sharqiyah i vest og al-Daliyah i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Beit Yashout eit folketal på 6 115 i 2004.[1] Byen ligg i An-Nusayriyahfjella kring 500 meter over havet.

Beit Yashout er ein av busetnadane som er busett av alawittiske Hadadeen-klane, som den første Aniseh Makhluf høyrte til.[2] Landsbyen var tradisjonelt sett heimstaden til Bani Ali-klanen, som òg var alawitt.[3] Beit Yashout er heimbyen til Muhammed al-Khuli, ein offiser i Baathist-regjeringane i 1960-åra og gjennom regimet til den tidlegare presidenten Hafez al-Assad (1970-2000).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Batatu, s. 224.
  3. Antoun, s. 60.
  4. Batatu, s. 219.