Beit Yehoshua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°15′39.95″N 34°51′46.79″E
Beit Yehoshua
בֵּית יְהוֹשֻעַ
moshav
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hof HaSharon
Koordinatar 32°15′39.95″N 34°51′46.79″E
Grunnlagd 17. august 1938
 - Grunnlagd av Bnei Akiva og HaNoar HaTzioni-rørsla
Tilhøyrsle HaOved HaTzioni
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Yehoshua

Beit Yehoshua (hebraisk skrift בֵּית יְהוֹשֻעַ, tyder Yehoshua-huset) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Netanya og høyrer til Hof HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han 784 innbyggjarar.

Landsbyen vart grunnlagd som ein kibbutz den 17. august 1938 av ein garin frå Bnei Akiva og haNoar Hatzioni, som ein del av tårn og palisade-busetjingsprosjektet. I følgje Jewish National Fund var dei første nybyggjarane ortodokse og dreiv med omfattande gardsrbruk og sitrusdyrking.[1] Han vart kalla opp etter Yehoshua Tahon (eller Josva Thon), ein galisisk sionistleiar.[1]

I 1947 hadde han eit folketal på kring 150.[1]

I 1950 vart han ein moshav shitufi, og seinare ein moshav ovdim (ei meir vanleg form for moshav.)

Beit Yehoshua jernbanestasjon ligg like ved moshaven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 22–23.