Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°19′39.6″N 34°53′19.3″E
Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer
landsby
PikiWiki Israel 3327 Moshav Beit-Itzhak.jpg
Moshav Beit Yitzhak, 1940
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°19′39.6″N 34°53′19.3″E
Grunnlagd 1963
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Yitzhak-Shaar Hefer
Nettstad: www.beit-yitzhak.org.il

Beit Yitzhak-Sha'ar Hefer (hebraisk skrift בֵּית יִצְחָק-שַׁעַר חֵפֶר, tyder Isak-huset - Heferporten) er ein moshav sentralt i Israel Han ligg på Sharonsletta nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. In 2007 hadde Beit-Yitzhak-Sha'ar Hefer eit folketal på 1 700.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beit Yitzhak vart grunnlagd i 1939. I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund vart byen opphavleg grunnlagd av noko eldre tyske immigrantar som hovudsakleg dreiv med fjørkredrift. [1] Han vart kalla opp etter Yitzhak Feuerring, ein tysk sionistleiar. I 1948 hadde han eit folketal på 300. [1]

Han vart sidan slått saman med Sha'ar Hefer, Nira og Gan Hefer. Ganot Hadar vart òg slått saman med desse landsbyane, men vart sidan ein sjølvstendig moshav att. «Hefer» var eit administrativt distrikt med ein eigen høvding på tida til kong Salomo (1. Kongebok 4:10).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 23. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]