Bekblende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uraninitt
Pitchblende schlema-alberoda.JPG
Bekblende frå Niederschlema-Alberoda-avsetjinga i Tyskland
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelUrandioksid eller uran(IV)-oksid (UO2)
Strunz-klassifisering04.DL.05
KrystallsymmetriIsometrisk, heksoktahedral
H-M-symbol: (4/m32/m)
Romgruppe: F m3m
Einingscellea = 5.4682 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeStålsvart til fløyelssvart, brunsvart, bleik grå til bleik grøn; i transmittert lys, bleik grøn, bleik gul til mørkebrun
KrystallformMassiv, botryoidal, korna. Åttesidige krystallar er uvanleg.
KrystallsystemIsometrisk
KløyvUtydeleg
BrotMuslig til Ujamn
Mohs hardleiksskala5–6
GlansUndermetallisk, feittete, matt
Strekfargebrunsvart, grå, olivengrøn
TransparensUgjennomsiktig; gjennomsiktig i tynne fragment
Spesifikk vekt10.63–10.95; minkar ved oksidering
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparIsotrop
Andre eigenskaparRadioaktiv: meir enn 70 Bq/g
Kjelder[1][2][3][4]
Viktige variantar
BekblendeMassiv

Bekblende (frå tysk Pechblende), uranbekerts eller uraninitt er eit svart og tungt mineral og svært radioaktivt materiale som for det meste inneheld uranoksid, hovudsakleg UO2, men kan òg innehalde UO3 og oksyd av bly, thorium og sjeldne jordmetall. Stoffet blir nytta som malm for å vinna ut uran, og radium, som er eit nedbrytingsprodukt av uran.

Mineralet har vore kjend sidan minst 1400-talet frå sølvgruver i Malmfjella på grensa mellom Tyskland og Tsjekkia. Typelokaliteten er byen Jáchymov på den tsjekkiske sida av fjella, der F.E. Brückmann skildra mineralet i 1727. Ein finn stoffet i produsentland som Sør-Afrika, USA og Canada. Det finst òg i Tyskland, England og Australia.

Krystallisert bekblende finst i minerala cleveitt og brøggeritt, som mellom anna finst i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogy, Wiley, 1985, 20th ed. s. 307–308 ISBN 0-471-80580-7
  2. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Uraninite». Handbook of Mineralogy (PDF). III (Halides, Hydroksyds, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0-9622097-2-4. Henta December 5, 2011. 
  3. Uraninite. Mindat.org
  4. Uraninite. Webmineral.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bekblende