Bekkelaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°52′52.655″N 10°47′10.061″E / 59.88129306°N 10.78612806°E / 59.88129306; 10.78612806

Gressholmen (i framgrunnen) og innanfor litt av Bekkelaget med hamna på Sjursøya.

Bekkelaget, som inkluderer Bekkelagshøgda, er eit strok i den administrative bydelen Nordstrand i Oslo. Stroket er hovudsakleg eit bustadområde med småhus og einebustader, villaer, men med hamnar på nordre halvparten av Bekkelagets strandsone mot fjorden. Ifylgje ein reguleringsplan frå august 2009 skal dette vere den permanente hamna i Oslo, kalla Sydhavna.

Bekkelaget ligg på austsida av Bunnefjorden, ein arm av Oslofjorden, og strekker seg frå fjorden (med nokre av øyane) i vest, til Brattlikollen i aust, og frå Kongshavn og Ekebergskråningen i nord, til området Kastellet (namngjeve etter Kastellet gård) i sør. På det opphavlege Bekkelaget, nede med fjorden, som no vert kalla Nedre Bekkelaget, byrja bustadutbygginga allereie på 1800-talet, men på Bekkelagshøgda, som òg vert kalla Øvre Bekkelaget, var det fullføringa av Ekebergbanen gjennom området i 1917 som gav støytet til det vesentlegaste av utbygginga her.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Bekkelaget med veg og jarnbane på innsida av Bekkelagskollen, fotografert i 1905. Bekkelaget stasjon er òg å sjå i nærleiken av Bekkelagskollen.
Foto: Olaf Martin Peder Væring/Oslo Museum

Namnet Bekkelaget, der lag tydar fiskarstad, har si bakgrunn i at fiskarlaget som fiska i dette området vart kalla Bachelauget. Her har det vore to gardar med namnet Bekkelaget, Store Bekkelaget mot Paddehavet i sør[1], og Lille Bekkelaget (Kneppe) nord for det som då vart kalla Bekkelagskollen[2], som var ein markert fjellknaus med bustadhus på i strandsona på vestsida av Mosseveien. Heile denne kollen vart sprengd vekk på 1960-talet for både å byggje hamn, og for å byggje Bekkelaget renseanlegg, som stod ferdig i 1963 (i 2001 erstatta med eit nytt reinseverk inne i fjellet) for å reinse kloakk og avløpsvatn frå store deler av Oslo før det vart sleppt ut i fjorden.

Vegen Ljabrochausséen, forløparen til dagens Mosseveien, vart bygd gjennom området i 1850.[3], og jarnbanen Smaalensbanen, forløparen til Østfoldbanen, vart ferdig gjennom området i 1879, med stasjon på Bekkelaget, Bekkelaget stasjon. Jarnbanestasjonen var ein sterkt medvirkande årsak til at bustadutbygginga kom i gang i området frå Nedre Bekkelaget og oppover mot Bekkelagshøgda.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bekkelaget Lokalhistoriske Forening om Store Bekkelaget, arkivert frå originalen 13. august 2014, henta 14. juli 2016 
  2. Bekkelaget Lokalhistoriske Forening om Lille Bekkelaget, arkivert frå originalen 29. oktober 2007, henta 14. juli 2016 
  3. Bekkelaget Lokalhistoriske forenings bilder fra Bekkelaget 1850 – 1865, arkivert frå originalen 2. juli 2014, henta 14. juli 2016 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]