Bekkelagsbakkane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekkelagsbakkane
Bekkelagsbakkane
Namn {{{namn}}}
Plassering {{{plassering}}}
Byggeår {{{byggeår}}}
Bakketype {{{bakketype}}}
Tekniske data
K-punkt {{{k-punkt}}}
Bakkestorleik (HS) {{{bakkestorleik}}}
Bakkerekord {{{bakkerekord}}}
Tilløp - lengde {{{tilløp - lengde}}}
Tilløp - vinkel {{{tilløp - vinkel}}}
Høgde på hoppet {{{høgde}}}
Snøggleik på hoppet {{{snøggleik}}}
Vinkel på hoppet {{{vinkel}}}
Vinkel ved K-punkt {{{vinkelkpunkt}}}
Tilskodarkapasitet {{{tilskodarkapasitet}}}
Klubb {{{klubb}}}
Andre bakkar {{{andre bakkar}}}

Bekkelagsbakkane, på folkemunne kalla Bekker'n, var eit skihoppanlegg på Lambertseter i Oslo. Anlegget låg i Lambertseteråsen, omtrent der bomstasjoneneuropaveg 6 ligg i dag (2012) og utgjorde fire hoppbakkar. Bekkelagsbakkane var arena for Bekkelagsrennet (òg kalla Guttenes Holmenkollrenn), som på 1950-talet hadde opptil 1500 deltakarar og rundt 6000 tilskodarar. Bakkane var ått og drivne av Bækkelagets Sportsklubb.

Den første hoppbakken vart bygd i 1919, dei to neste vart bygde i 1929 og 1950, og seinare kom òg ein fjerde hoppbakke til. Bekkelagsrennet vart første gong arrangert 20. februar 1927. Eit flomlysanlegg vart innvigt i 1958. Under Bekkelagsrennet 6. mars 1960 ramla stillaset (ovarennet) i den mellomste bakken saman, og 13 gutar vart skadde.[1] Etter ulukka vart trestillasene erstatta av eit stillas bygt av stål.

Det siste rennet i Bekkelagsbakkene vart arrangert i 1972. Bakkane vart rivne i 1974 då Europavegen[2] vart bygd der sletta i bakkane låg. Til erstatning for Bekkelagsbakkene vart det bygt ein hoppbakke på Brannfjell. Den bakken vart opna i 1979, men vart riven i 2007.[3][4]

I 2008 opna ein turveg forbi staden der Bekkelagsbakkene låg, med eit informasjonsskilt som fortel om bakkane.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. VG: Stillas ramlet sammen i Bekkelagsbakkene - Syv 13-åringer ligger på sykehus (s. 14, 7. mars 1960, arkivert hos Retriever Norge)
  2. Her dreier det seg om veien med navnet «Europaveien». Denne ble langt senere del av E 6.
  3. Skisprungschanzen-Archiv: Oslo (Brannfjell)
  4. Aftenposten: Hoppstillaset skal rives (del 1, s. 26, 24. mai 2007, arkivert hos Retriever Norge)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]