Bekkelagshøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekkelagshøgda, Oslo, ca 1925. Ekebergbanen og Sportsplassen nede til venstre. Skrenten ned mot Østfoldbanen til høgre. Nordseter gard i bakgrunnen.
Oslo samvirkelag avd. 61 i Sandstuvegen 12, 1949.
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Gamalt postkort frå Holtet, Bekkelagshøgda

Bekkelagshøgda er eit bustadsstrøk i Oslo som ligg oppe på høgdedraget søraust for Ekebergplatået. Namnet er òg nytta om grunnkrets 3008 i Oslo. Denne kretsen er likevel avgrensa til området mellom Raschs veg og Seterhøyveien, og er såleis langt mindre enn det som til vanleg vert oppfatta som Bekkelagshøgda.[1]

Xylograf Gustav Emil Holtar er ein av dei første som bygde seg hus på høgda. Området på den tida var dekt av skog og nokre få jordbruk knytte til husmannsplassane til staden under Nordseter gard. Det var først etter opninga av Ekebergbanen i 1917 at det vart fart i utbygginga. Den seinare Arbeidarpartikjempa Haakon Lie flytta hit i 1920.

Bekkelaget skule vart opna på Bekkelagshøgda i 1904. Før dette heitte skulen Bernhus, som kom frå då han vart opna i 1859 som ein av dei fire første i Aker kommune.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kart over bydelene med grunnkretser» (PDF). Oslo kommune. Arkivert frå originalen (PDF) 3. april 2015. Henta 3. april 2015.