Bekkelagsraset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av leirraset på Bekkelaget
Foto: Skappel, Helge / Widerøes Flyveselskap

Bekkelagsraset var eit leirras som råka Bekkelaget i Oslo 7. oktober 1953. Raset gjekk klokka 07.37 og tok med seg om lag 100 meter av Mosseveien. Òg grunnen under Østfoldbanen forsvann ut. Lokaltoget frå Kolbotn fekk stoppa i tide, men Drøbakbussen vart teken av raset saman med fleire bilar (kan sjåast på biletet, i raskanten til høgre). Raset var ikkje spesielt stort, ca 150 x 190 meter, men det råka altså hovudsambandet sørover frå Oslo. Fem menneske mista livet, og fire av desse var i bussen frå Drøbak. Det var i alt 88 menneske innanfor rasområdet då raset gjekk: 21 personar i to bustadhus, 45 i Drøbakbussen, 13 personar i andre kjøretøy, to syklistar og sju andre utandørs. Av desse var det berre kring åtte personar som fekk lettare skader.

Terrenget sokk om lag sju meter i overkant langs Mosseveien. I den nedre delen av raset heva terrenget seg som følgje av massane som pakka seg opp. Det eine bustadhuset som sto i nedre del av raset (nedre høgre hjørne på biletet) vart løfta to meter, vride og forskove 10–15 meter, men rasa ikkje saman. Omfanget av ulykka kunne altså lett ha vorte mykje større.

Resultatet av raset er den tydelege dumpa ved dagens lyskryss med Ormsundveien. Den gamle vegbanen er delvis intakt og i bruk mellom Bekkelagsveien og Bjerringbakken nord for rasgropa. Det er òg mogleg å sjå restar av den gamle vegbanen ved busshaldeplassen sør for dumpa, vis-à-vis bensinstasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]