Bekkjarvik Gjestgiveri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bekkjarvik Gjestgiveri på Bekkjarvik i Austevoll
Bekkjarvik Gjestgiveri
Foto: Trolvag

Bekkjarvik Gjestgiveri er eit hotell som ligg i Bekkjarvik i Austevoll kommune. Gjestgiveriet kom til etter ønske frå danske kong Christian Quart på 1500-talet, som vedtok at gjestgjevarhus skulle byggjast for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia.

Bekkjarvik Gjestgiveri vart bygd seint på 1600-talet og vore drive i over tre hundreår. På hotellet blir det lagt til rette for møte og arrangement. Her er også kunstutstillingar og revyar.[1]

Bekkjarvik Gjestgiveri har vore eigd og drive av Øystein og Asta Johannessen sidan 1982. I 2009 vart gjestgiveriet plukka ut av Innovasjon Norge som særeige og kvalitetssikra konferansestad i Noreg. Gjestgiveriet er tildelt Olavsrosa[2] og vart i 2012 ein del av De historiske Hotel.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bekkjarvik Gjestgiveri». De Historiske. Henta 6. september 2013. 
  2. «Bekkjarvik Gjestgiveri». Olavsrosa. Henta 6. september 2013. 
  3. «Bekkjarvik Gjestgiveri». Bekkjarvik Gjestgiveri. Henta 6. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]