Belaja Zemlja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre stader med same namn, sjå Belaja
Plasseringa til Belaja Zemlja i Frans Josefs land.

Belaja Zemlja (russisk Белая Земля, «Det kvite landet») er ei øygruppe på tre, isdekte øyar i Frans Josefs land i Russland.

Mellom Belaja Zemlja og hovudgruppa av øyar i Frans Josefs land ligg det eit 45 km breitt sund kalla Proliv Severo Vostotsjnij.

Området vart kalla Hvidtenland av Fridtjof Nansen som reiste hit 5. august 1895 under polarekspedisjonen hans. På kartet sitt teikna han fire øyar, men sidan det permanente isdekket kryssar Belaja Zemlja er det ofte vanskeleg å skilje mellom land og hav. Etter kvart som kartografien på Frans Josefs land vart meir nøyaktig viste det seg at det berre var tre øyar i gruppa:

  • Evaøya (Остров Ева-Лив) eller Eva-Liv-øya. Ho har ei lengd på 25 km og er den største av øyane i gruppa. Evaøya vart kalla opp etter Eva Nansen, kona til Fridtjof, som døydde i 1907.
  • Adelaidaøya (Остров Аделаиды) er berre 2 km lang og ei lita øy. Ho ligg 5 km sørvest for Evaøya. Adelaideøya vart kalla opp etter prinsesse Adelheid av Hohenlohe-Langenburg.
  • Friedenøya (Остров Фреден) er ei større oval øy med ei lengd på 8,2 km. Ho ligg 2,5 km sør for Adelaideøya. Freidenøya er kalla opp etter det tyske ordet for «fred».

Belaja Zemlja er punktet i Frans Josefs land som Valerian Albanov prøvde å nå då han forlet skipet Svjataja Anna med delar av mannskapet sitt, men på grunn av drivis og på grunn av store mengder polynja langs ruta enda han opp så langt sørvest som Aleksandra land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 81°38′N 63°06′E