Belgia i Eurovision Song Contest 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1956
Land Belgia
Offisielt Belgique
Kringkastar Institut national belge de radiodiffusion
Nasjonal uttaking
Uttaking Grand Prix de la Chanson Européenne
Dato(ar) 15. april 1956
Artist(ar) 1. Fud Leclerc
2. Mony Marc
Song 1. «Messieurs les noyés de la Seine»
2. «Le plus beau jour de ma vie»
Språk 1. Tysk
2. Tysk
Låtskrivar(ar) 1. Jean Miret, Jacques Say og Robert Montal
2. Claude Alix og David Bee
Resultat
Finalepoeng 1. N/A
2. N/A
Finaleplass 1. N/A
2. N/A

Belgia, offisielt Belgique, debuterte i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits 24. mai 1956 med dei franskspråklege songane «Messieurs les noyés de la Seine» og «Le plus beau jour de ma vie», framført av høvesvis Fud Leclerc og Mony Marc. Bidraga vart valde i den nasjonale uttakinga, Grand Prix de la Chanson Européenne. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Vinnaren vart kåra av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltakarlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Ein kunne òg røyste på sitt eige land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]