Belgmanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Belgmanometer er eit manometer til å måla små trykk med, særleg nytta der ein treng større mekanisk rørsle enn ein får om ein nyttar ein membran. Døme på dette er i pneumatiske instrument og i kraftbalansesystem.

Belgmanometeret er oppbygt av ein belg og eit rom rundt som set press på belgen. Belgen lear seg i høve til krafta som vert tilført (P). På belgen heng det ein visar som ligg over ein trykkskala, og visaren lear seg i takt med belgen. Belgen går attende til den opphavlege forma når krafta vert borte, såframt ikkje trykket vert høgare enn instrumentet er meint for – i så fall vert han misforma og mæler ikkje lenger rett.

Mæleområdet er vanleg 0,002–2 bar overtrykk, og undertrykk 0,002–1 bar. I pneumatiske instrument ymsar trykket mellom 0,2 og 1 bar.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]