Belianske Tatra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belianske Tatra
fjell
Belianske Tatry from Jahňaci štít-captions sk.svg
Fjelltoppane Muráň, Nový, Havran og Ždiarska Vidla frå venstre mot høgre.
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Dei austlege Tatrafjella
Høgd Havran, 2 151 moh.
Koordinatar 49°14′20″N 20°13′20″EKoordinatar: 49°14′20″N 20°13′20″E

Belianske Tatra
49°15′ N 20°12′ E
Wikimedia Commons: Belianske Tatra Mountains

Belianske Tatras (slovakisk Belianske Tatry) er ei fjellkjede i Dei austlege Tatrafjella nord i Slovakia. Dei austlege Tatrafjella høyrer til Tatrafjella, som igjen er ein del av Karpatane. Den høgaste toppen er Havran på 2151 meter over havet. Som det meste av området er området stengd for turistar for å verne sjeldne dyr og planter. Dei første innbyggjarane i fjella var gjetarar på 1300-talet.

Hovudryggen er 14 km lang og består av fjell av kalkstein og dolomitt med ein karakteristisk karst-topografi. Den einaste grotta i Tatrafjella som er open for ålmenta ligg her, Belianskagrotta.

Økologi og biologi[endre | endre wikiteksten]

I dag høyrer heile området til eit nasjonal naturreservat som dekkjer 54,08 km², som igjen er ein del av Tatra nasjonalpark. Mange endemiske, sjeldne og utryddingstruga artar lever og veks her.

I dei nordlege områda av Belianske Tatra finn ein dei største flokkane med Tatra-gemse, som er endemiske for Tatrafjella. Ein typisk plante i området er edelweiss.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Belianske Tatra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]