Hopp til innhald

Belize City

Belize City
Belice (spansk)
Kanal i Belize City.
Kanal i Belize City.
Kanal i Belize City.
Land Belize
Flatevidd 35,667 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)

53532
Koordinatar 17°30′N 88°11′W / 17.500°N 88.183°W / 17.500; -88.183
Høgd 0 m
Tidssone Central Standard Time (UTC)
Nettstad: http://www.belizecitycouncil.org/
Plassering av  Belize City
Plassering av Belize City

Belize City er ein by i Belize med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg ved munningen av Belize-elva i Det karibiske havet, og er den viktigaste hamnebyen i landet. Belize City er òg eit økonomisk og industrielt senter i Belize. Han var hovudstad i dåverande Britisk Honduras fram til 1970, då denne blei flytta til Belmopan etter store orkanøydeleggingar ni år tidlegare.

Belize City blei grunnlagd av britar som Belize Town på 1600-talet i ein liten mayaby kalla Holzuz. Byen blei også heim for ei stor gruppe afrikanarar som var henta inn som slavar.

Byen var ei naturleg utskipingshamn for tømmeret av mahogni, kampeche og ziricote som blei vunne ut i området. Det voks fram sagbruksindustri og fiskeforedling her.

Byen har typisk karibisk arkitektur. Han blei hardt råka av dei orkanane «Hattie» i 1961 og «Greta» i 1978. Skadane etter Hattie førte til flyttinga av hovudstadentil Belmopan i 1970.

Belize City har universitet og den einaste internasjonale flyplassen i Belize.

«Belize_City» i Store norske leksikon, snl.no.