Bell's Life in London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bell's Life in London
TypeVekeavis, Avis
InnhaldIdrett
Grunnlagd1822
Nedlagd1886

Bell's Life in London, and Sporting Chronicle var ei engelsk vekeavis som tok for seg sport og underhaldning. Ho blei gjeven ut som rosa broadsheet mellom 1822 og 1886.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bell's Life blei grunnlagd av Robert Bell, ein trykker og utgjevar frå London. Bell selde avisa til William Innell Clement, eigaren av The Observer, i 1824 eller 1825, og avisa slukte ein konkurrent, Pierce Egan's Life in London and Sporting Guide. Frå 1824 til 1852 var avisa redigert av Vincent George Dowling.[1] Sonen til Dowlin, Frank Lewis Dowling, redigerte i røynda avisa dei siste åra faren var i livem og etterfølgde han som redaktør frå 1852 til 1867. I 1860-åra hadde Bell's Life konkurranse frå The Field, The Sportsman, Sporting Life og The Sporting Times. I 1885 kjøpte Edward Holtonn Bell's Life og gjorde ho om til ei dagsavis, men i 1886 blei ho overteken av Sporting Life.[2]

Bidragsytarar[endre | endre wikiteksten]

Nokre bidragsytarar til avisa var:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tony Mason, ‘Dowling, Vincent George (1785–1852)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004, besøgt 29. december 2007
  2. Waterloo Directory of English Newspapers and Periodicals